UEFA-cupfinalen i fotball 1990

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1990 stod mellom dei italienske klubbane Juventus FC og AC Fiorentina og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret, som fann stad 2. mai på Stadio Comunale i Torino framfor 45 000 tilskodarar, var den aller siste kampen på den bana. Returkampen 16. mai vart avvikla på Stadio Partenio i Avellino, då Fiorentina, etter tribune-slagsmål i semifinalekampen mot Werder Bremen, ikkje fekk spele heime i Firenze. 32 000 menneske var likevel til stades på tribunane. Sluttresultatet vart 3-1 til Juventus. Det var andre gongen Juventus vann UEFA-cupen.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Alle måla i finalen kom i opningskampen i Torino. Roberto Galia sende heimelaget framom allereie i det 3. minutt, Renato Buso utlikna i det 10. minutt. 14 minutt i andre omgang gav Pierluigi Casiraghi Juventus leiinga på nytt, og 14 minuttar seinare la Luigi De Agostini på til 3-1 til heimelaget.

Returoppgjeret enda mållaust.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarlaget til Juventus bestod av Stefano Tacconi, Nicolò Napoli. Luigi Di Agostini, Dario Bonetti, Sergio Brio, Roberto Galia, Sergej Alejnikov, Giancarlo Marocchi, Rui Barros, Salvatore Schillaci, Pierluigi Casiraghi, Angelo Alessio, Pasquale Bruno, Massimiliano Rosa, Salvatore Avallone.

Fiorentina stilte med Marco Landucci, Antonio Dell'Oglio, Sergio Battistini, Giuseppe Volpecina, Alberto De Chiara, Carlos Dunga, Luboš Kubík, Celeste Pin, Renato Buso, Roberto Baggio, Marco Nappi, Alberto Malusci, Mauro Zironelli.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Emilio Soriano Aladrén frå Spania var kampleiar i Torino, i Avellino Aron Schmidhuber frå Vest-Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]