UEFA-cupfinalen i fotball 1993

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1993 stod mellom italienske Juventus FC og tyske Borussia Dortmund og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 5. mai på Westfalenstadion i Dortmund framfor 37 900 tilskodarar, returoppgjeret på Stadio delle Alpi i Torino såg 62 781 personar frå tribuneplass. Sluttresultatet vart 6-1 til Juventus. Det var tredje gongen Juventus vann UEFA-cupen.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane i Dortmund. Juventus i stripete trøyer

Michael Rummenigge sjokkopna med å gje heimelaget leiinga i det 2. minutt på Westfalenstadion. Dino Baggio utlikna til 1-1 i det 26. minutt og Roberto Baggio snudde til 1-2 allereie fire minutt seinare. Same Roberto Baggio fastsette sluttresultatet til 1-3 for Juventus i det 73. minutt.

I returoppgjeret i Torino skåra Dino Baggio to mål for Juevntus i den fyrste omgangen. 20 minuttar ut i den andre omgangen la tyskaren Andreas Möller på til 3-0.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarlaget til Juventus bestod av Angelo Peruzzi, Massimo Carrera, Júlio César da Silva, Jürgen Kohler, Moreno Torricelli, Dino Baggio, Andreas Möller, Roberto Galia, Marco De Marchi, Roberto Baggio, Gianluca Vialli, Antonio Conte, Giancarlo Marocchi, Paolo Di Canio, Fabrizio Ravanelli.

Borussia Dortmund-spelarane var Stefan Klos, Knut Reinhardt, Thomas Franck, Bodo Schmidt, Michael Lusch, Stefan Reuter, Gerhard Poschner, Michael Rummenigge, Frank Mill, Steffen Karl, Uwe Grauer, Michael Zorc, Stéphane Chapuisat, Ned Zelic, Michael Schulz, Lothar Sippel.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Sándor Puhl frå Ungarn var kampleiar i Dortmund, i Torino John Blankenstein frå Nederland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]