UEFA-cupfinalen i fotball 1994

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1994 stod mellom italienske FC Inter frå Milano og Casino Salzburg frå Salzburg i Austerrike og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 26. april på Ernst-Happel-Stadion i Wien med 47 500 på tribunane, returkampen vart avvikla 11. mai på San Siro i Milano framfor 80 326 tilskodarar. Inter vann, med 2 mål mot 0, UEFA-cupen for andre gong.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane i Milano, Inter i blått og svart

I Wien vart midtbanespelaren Nicola Berti matchvinnar for gjestane med ein fulltreffar i det 35. minutt.

Også på San Siro i Milano enda det med 1-0 til Inter, ei skåring av Wim Jonk 17 minuttar ut i den andre omgangen etterlet liten tvil om at pokalen skulle til pokalsamlinga til Inter.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Inter-mannskapet bestod av Walter Zenga, Giuseppe Bergomi (kaptein), Sergio Battistini, Antonio Paganin, Alessandro Bianchi, Antonio Manicone, Wim Jonk, Nicola Berti, Angelo Orlando, Dennis Bergkamp, Rubén Sosa, Davide Fontolan, Riccardo Ferri, Francesco Dell'Anno, Massimo Paganin.

Casino Salzburg møtte med: Otto Konrad, Thomas Winklhofer, Christian Fürstaller, Heribert Weber (kaptein), Leo Lainer, Peter Artner, Martin Amerhauser, Franz Aigner, Heimo Pfeifenberger, Marquinho Santos, Hermann Stadler, Wolfgang Feiersinger, Adi Hütter, Nikola Jurčević, Michael Stiner, Damir Mužek.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Kim Milton Nielsen frå Danmark var kampleiar i Wien, på San Siro i Milano var det Jim McCluskey frå Skottland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]