UEFA-cupfinalen i fotball 1995

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1995 stod mellom dei to italienske klubbane Parma FC og Juventus FC og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 3. mai på Stadio Ennio Tardini i Parma framfor 22 062 tilskodarar, returkampen på San Siro i Milano den 17. mai, såg 80 754 frå tribunane. Parma sigra i finalen med 2 mot 1 og drog avgarde med UEFA-pokalen.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane i Parma, heimelaget i kvitt

I Parma skåra Dino Baggio det einaste målet i kampen allereie i det 5. minutt, for heimelaget og mot tidlegare lagkameratar i Juventus.

Returoppgjeret vart avvikla på San Siro i Milano, grunna usemje mellom Juventus og stadioneigar heime i Torino. Gianluca Vialli sende Juventus i leiinga i det 35. minutt. Avgjerda i finalen kom 8 minuttar ut i den andre omgangen, på ny var Dino Baggio frampå og utlikna til 1-1, nok til at pokalen vart med Parma-spelarane heim.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Parma FC-vinnarane var Luca Bucci, Antonio Benarrivo, Fernando Couto, Lorenzo Minotti (kaptein), Luigi Apolloni, Alberto Di Chiara, Gabriel Pin, Dino Baggio, Roberto Sensini, Gianfarnco Zola, Faustino Asprilla, Stefano Fiore, Roberto Mussi, Massimo Susic, Massimo Crippa, Marcello Castellini.

Juventus-mannskapet bestod av Angelo Peruzzi, Massimo Carrera, Ciro Ferrara, Sergio Porini, Moreno Torricelli, Robert Jarni, Angelo Di Livio, Giancarlo Marocchi, Paulo Sousa, Roberto Baggio, Gianluca Vialli, Fabrizio Ravanelli, Michelangelo Rampulla, Luca Fusi, Alessio Tacchinardi, Didier Deschamps, Alessandro Del Piero.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Antonio López Nieto frå Spania var kampleiar i Parma, på San Siro i Milano var det Frans Van Den Wijngaert frå Belgia som bles i fløyta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]