UEFA-cupfinalen i fotball 1996

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1996 stod mellom tyske Bayern München og franske Girondins Bordeaux og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 1. mai på Olympiastadion i München med 63 000 på tribunane, returkampen vart avvikla 15. mai på Parc Lescure i Bordeaux framfor 36 000 tilskodarar. FC Bayern sigra i finalen med 5 mot 1, klubbens einaste triumf i UEFA-cupen.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

På heimebane vann FC Bayern med 2-0, etter skåringar av Thomas Helmer i det 34. og Mehmet Scholl i det 60. minutt. På bortebane tok gjestene leiinga i det 53. minutt ved nemnde Scholl, Emil Kostadinov la på til 2-0 i det 65. minutt. 15 minuttar før full tid reduserte midtbanespelaren Daniel Dutuel for Bordeaux, nokså omgåande la Jürgen Klinsmann på til 3-1 for det tyske laget. Med samanlagt 5-1 vann Bayern München turneringspokalen.

Lagoppstillingane. FC Bayern i stripete trøyer

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarlaget til Bayern München bestod av: Oliver Kahn, Markus Babbel, Oliver Kreuzer, Lothar Matthäus, Thomas Helmer, Christian Ziege, Dietmar Hamann, Mehmet Scholl, Ciriaco Sforza, Jürgen Klinsmann, Jean-Pierre Papin, Dieter Frey, Thomas Strunz, Emil Kostadinov, Marcel Witeczek, Alexander Zickler.

Bourdeaux-mannskapet: Gaëtan Huard, François Grenet, Jakob Friis-Hansen, Jean-Luc Dogon, Bixente Lizarazu, Laurent Croci, Phillippe Lucas, Daniel Dutuel, Richard Witschge, Didier Tholot, Anthony Bancarel, Cédric Anselin, Zinedine Zidane, Christophe Dugarry.

Domarar[endre | endre wikiteksten]

Serge Mumenthaler frå Sveits dømde kampen i München, Vadim Zjuk frå Kviterussland i Bordeaux.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]