UEFA-cupfinalen i fotball 2002

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen fotball 2002 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 8. mai 2002 framfor 51 117 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom nederlandske Feyenoord frå Rotterdam og tyske Borussia Dortmund. Feyenoord vann kampen 3-2 og sikra dermed klubben sin andre pokal i UEFA-cupen, den fyrste kom i 1974.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane, Feyenoord i raudt/kvitt

Finalearena var bestemt våren 2001. På si heimebane tok Feyenoord føringa på straffespark i det 33. minutt ved Pierre van Hooijdonk, same mann dobla leiinga sju minuttar seinare. Allereie i det 2. minutt av den 2. omgangen reduserte Márcio Amoroso til 1-2 for Borussia. Berre tre minuttar etter kvitterte Feyenoords Jon Dahl Tomasson med skåring til 3-1. Det siste målet i kampen kom då Jan Koller i det 58. minutt reduserte til 2-3.

Dommaren heitte Vítor Melo Pereira og var frå Portugal.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarane til Feyenoord var: Edwin Zoetebier, Christian Gyan, Kees van Wonderen, Patrick Paauwe, Tomasz Rząsa, Bonaventure Kalou, Paul Bosvelt (kaptein), Shinji Ono, Robin van Persie, Pierre van Hooijdonk, Jon Dahl Tomasson og innbytarane Leonardo Santiago, Johan Elmander, Ferry de Haan.

Borussia Dortmund mønstra: Jens Lehmann, Evanílson Ferreira, Christian Wörns, Jürgen Kohler, Dedé Santos, Lars Ricken, Stefan Reuter (kaptein), Tomáš Rosický, Ewerthon de Souza, Jan Koller, Márcio Amoroso, Otto Addo, Jörg Heinrich. Norske Jan Derek Sørensen sat ubrukt på reservebenken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]