UEFA-cupfinalen i fotball 2004

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen fotball 2004 fann stad på Ullevi i Göteborg 19. mai 2004 framfor 39 000 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom spanske Valencia CF og franske Olympique Marseille. Valencia sikra seg UEFA-pokalen med siger 2-0.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane, Valencia i kvitt og svart

Olympique Marseille vart redusert til 10 mann då målvakta Fabien Barthez vart utvist straks før pause, etter å ha laga straffespark, ei straffe Vicente Rodríguez nytta til gje Valencia leiinga. I det 58. minutt auka lagkameraten Mista Ferrer til 2-0 for Valencia. Sidan kontrollerte laget frå Valencia inn til siger.

Pierluigi Collina frå Italia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Valencia sitt vinnarlag bestod av Santiago Cañizares, Curro Torres, Roberto Ayala, Carlos Marchena, Amedeo Carboni, Francisco Rufete, David Albelda (kaptein), Rubén Baraja, Vicente Rodríguez, Mista Ferrer, Miguel Ángel Angulo og innbytarane Pablo Aimar, Mohamed Sissoko, Mauricio Pellegrino.

Olympique Marseille stilte med Fabien Barthez, Habib Beye, Abdoulaye Méïté, Demetrius Ferreira, Manuel dos Santos, Mathieu Flamini, Brahim Hemdani (kaptein), Sylvain N'Diaye, Camel Meriem, Didier Drogba, Steve Marlet, Jérémy Gavanon, Laurent Batlles, Fabio Celestini.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]