UEFA-cupfinalen i fotball 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen fotball 2006 fann stad på Philips Stadion i Eindhoven 10. mai 2006 framfor 36 500 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom spanske Sevilla FC og engelske Middlesbrough FC. Det spanske laget vann heile 4-0 og tok den fyrste av to pokalar i UEFA-cupen.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Brasilianaren Luís Fabiano sende Sevilla framom med ei skåring i det 27. minutt. Etter over 50 målallause kampminuttar skåra italienaren Enzo Maresca to mål, 77 og 83 minuttar ut i kampen. Eit par minuttar før sluttsignalet fastsette innbytaren Frédéric Kanouté frå Mali resultatet til 4-0 for det spanske laget.

Lagoppstillingane, Sevilla i kvitt

Herbert Fandel frå Tyskland dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Sevilla sitt vinnarlag bestod av Andrés Palop, Daniel Alves, Javi Navarro (kaptein), Julien Escudé, David Castedo, Jesús Navas, José Luis Martí, Enzo Maresca, Adriano Correia Claro, Luís Fabiano, Javier Saviola og innbytarane Frédéric Kanouté, Renato Dirnei Florêncio, Antonio Puerta.

Middelsbrough-mannskapet: Mark Schwarzer, Stuart Parnaby, Chris Riggott, Gareth Southgate (kaptein), Franck Queudrue, James Morrison, George Boateng, Fábio Rochemback, Stewart Downing, Mark Viduka, Jimmy Floyd Hasselbaink, Massimo Maccarone, Yakubu Aiyegbeni, Lee Cattermole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]