UEFA-cupfinalen i fotball 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen fotball 2007 fann stad på Hampden Park i Glasgow 16. mai 2007 framfor 50 670 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom to spanske klubbar, tittelforsvarar Sevilla FC og Espanyol frå Barcelona. Etter 120 minutts spel stod det 2-2 på resultat-tavla. I den påfylgjande straffeskytinga feila tre av fire Espanyol-eksekutørar, dermed vann Sevilla UEFA-pokalen for andre året i rad gjennom siffera 3-1 på straffar.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Adriano Correia Claro sende Sevilla i tet med ei skåring i det 18. minutt. Ti minuttar seinare utlikna Albert Riera til 1-1, det var òg stillinga etter 90 ordinære minuttar. Midtvegs i den andre omgangen vart elles Espanyol redusert til 10 mann då Moisés Hurtado fekk sitt andre gule kort. I sluttsekunda av den fyrste ekstraomgangen gav Frédéric Kanouté Sevilla leiinga 2-1. Ti minuttar ut i den andre ekstraomgangen bringa Marc Torrejón balanse i stillinga med eit skot frå 20 meter.

Lagoppstillingane, Sevilla i raudt

Dermed måtte laga ut i straffeskyting, ei tevling som var avgjort då åtte utøvarar hadde prøvd seg. For Sevilla skåra Kanouté, Dragutinović og Puerta, medan Pandiani var den einaste som fann nettet for Espanyol. Så då Sevilla-målvakta Palop stoppa Torrejón si straffe, hadde laget hans forsvart meistertittelen.

Dommaren heitte Massimo Busacca og var frå Sveits.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Sevilla sitt vinnarlag bestod av: Andrés Palop, Daniel Alves, Javi Navarro (kaptein), Ivica Dragutinović, Antonio Puerta, Christian Poulsen, José Luis Martí, Enzo Maresca, Adriano Correia Claro, Frédéric Kanouté, Luís Fabiano og innbytarane Jesús Navas, Aleksandr Kerzjakov, Renato Dirnei Florêncio.

Espanyol mønstra fylgjande spelarar: Gorka Iraizoz, Pablo Zabaleta, Daniel Jarque, Marc Torrejón, David García, Moisés Hurtado, Francisco Rufete, Albert Riera, Iván de la Peña, Luis García, Raúl Tamudo (kaptein), Walter Pandiani, Jesús María Lacruz, Jônatas Domingos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]