UEFA-cupfinalen i fotball 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen i fotball 2008 fann stad på City of Manchester Stadium i Manchester 14. mai 2008 framfor 43 878 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom russiske FK Zenit frå St. Petersburg og skotske Rangers FC frå Glasgow. FK Zenit sikra seg sin fyrste UEFA-pokal med 2 mål mot 0.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Publikum måtte vente til det 72. minutt før den fyrste skåringa kom, Igor Denisov vart då spelt gjennom midtforsvaret til Rangers og frå 12-14 meters hald plasserte ballen trygt til sides for målvakta i nettet. Langt ut i plusstida la Konstantin Zyrjanov på til 2-0 frå 2 meters hald.

Lagoppsttillingane. Zenit i kvitt

Peter Fröjdfeldt frå Sverige dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Zenit sitt vinnarlag bestod av Vjatsjeslav Malafejev, Aleksandr Anjukov, Ivica Križanac, Roman Sjirokov, Radek Šírl, Konstantin Zyrjanov, Anatolij Tymosjtsjuk (kaptein), Igor Denisov, Viktor Fajzulin, Fatih Tekke, Andrej Arsjavin og innbytaren Kim Dong-jin.

Rangers mønstra Neil Alexander, Kirk Broadfoot, David Weir, Carlos Cuéllar, Saša Papac, Steven Whittaker, Barry Ferguson (kaptein), Brahim Hemdani, Kevin Thomson, Steven Davis, Jean-Claude Darcheville, Nacho Novo, Lee McCulloch, Kris Boyd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]