UGC 8058

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av UGC 8058.

UGC 8058, Markarian 231, VII Zw 490 eller QSO B1254+571 er ein kvasarliknande galakse som ligg rundt 550 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Den store bjørnen. UGC 8058 blei oppdaga i 1969 under eit søk etter galaksar med sterk ultrafiolett stråling. Han har lange tidevasshalar og ei deformert form. Resultat frå dei første spektraa viste klare teikn på galaksen hadde ein kvasar i kjernen, noko som gjorde han unik i Markarian-samlinga. UGC 8058 har halde på merkelappen som eit spesielt objekt sia dei tidlege observasjonane og held fram med å vera ein favoritt i alle bølgjelengder.

Den infraraude lysstyrken til UGC 8058 liknar på den til kvasarar, noko som gjer han til ein av dei mest lyssterke og kraftige ultralyssterke infraraude galaksane. Eksplosiv stjernedanning er rekna som opphavet til ultralyssterke infraraude galaksar, men UGC 8058 kan får mesteparten av sin infraraude stråling frå eit sentralt supermassivt svart hòl. Likevel går òg UGC 8058 gjennom eksplosiv stjernedanning; særleg synleg i ein ringforma region rundt galaksekjernen der meir enn 100 solmassar av stjerner blir danna kvart år.

UGC 8058 sin spesielle form er sannsynlegvis eit resultat av ein galaksekollisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]