USA-amerikansk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Revelje spelt på horn av eit medlem av United States Army Band. Hornsignalet blir spelt i lag med heisinga av det amerikanske flagget.
«The Blue Juniata» framført av Andy Parker and the Plainsmen. Songen er skriven av Marion Dix Sullivan (1802-1860), ofte rekna som den første kvinnelege komponisten av ein hitt i USA.
Utdrag frå «Maple Leaf Rag» framført på piano av komponisten Scott Joplin. Ragtime var hovudsakleg ei afroamerikansk musikkform som blei kjend over heile verda.
«Blue Yodel No.1 (T for Texas)» framført av Bob Wills & His Texas Playboys. Songen vart opphavleg skriven av Jimmie Rodgers (1897–1933). Stilen er Western swing, ei form for den amerikanske musikksjangeren country.

USA-amerikansk musikk syner gjennom eit mangfald av stilar den mangfaldige etniske folkesetnaden i landet. Av dei mest internasjonalt kjende musikksjangrane med opphav i USA finn ein hip hop, blues, country, rhythm and blues, jazz, barbershop, pop, techno og rock and roll. USA har den største musikkindustrien i verda og musikken her frå kan høyrast verda rundt. Sidan byrjinga av 1900-talet har somme former av USA-amerikansk popmusikk fått eit nærast globalt publikum.[1]

Urfolket som levde i området som i dag er USA var dei første til å spele musikk her. Frå 1600-talet byrja immigrantar frå Storbritannia, Irland, Spania, Tyskland og Frankrike å kome til landet i store mengder, og dei tok med seg nye stilar og instrument. Afrikanske slavar tok med seg musikalske tradisjonar, og kvar påfølgjande bølgje av immigrantar medverka til ein smeltedigel.

Røtene til mykje av moderne popmusikk kan sporast attende til afroamerikansk blues seint på 1800-talet og gospelmusikk i 1920-åra. Det afroamerikanske grunnlaget for popmusikken nytta element som kom frå europeisk musikk og musikken til urfolket. USA har òg folkemusikk og populær musikk som er basert på etniske stilar frå mellom andre ukrainske, irske, skotske, polske, latinamerikanske og jødiske samfunn.

Mange amerikanske byar har aktive musikkmiljø, som igjen støttar fleire forskjellige regionale stilartar. I tillegg til musikksenter som Philadelphia, Seattle, New York City, San Francisco, New Orleans, Detroit, Minneapolis, Chicago, Atlanta, Nashville, Austin og Los Angeles, har mange mindre byar som Asbury Park i New Jersey produsert særeigne musikkstilar. Cajun- og creole-tradisjonar i Louisiana-musikk, folkemusikken og dei populære stilane frå hawaiisk musikk og bluegrass og old time-musikk frå Sørstatane er nokre få døme på mangfaldet i amerikansk musikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Provine, Rob with Okon Hwang and Andy Kershaw. "Our Life Is Precisely a Song" i Rough Guide to World Music, Volume 2, s. 167

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: USA-amerikansk musikk