USA Today
USA Today | |
![]() Hovudkvarteret til USA Today i Tysons Corner i Virginia. | |
Type | Dagsavis |
---|---|
Format | fullformat |
Grunnlagd | 15. september 1982 |
Eigarar | Gannett |
Utgjevar | Gannett |
Redaktør(ar) | David Callaway Sjefredaktør(ar): Nicole Carroll |
Språk | Engelsk |
Politisk posisjon | sentrum-venstre, sentrisme |
Opplag | 726 906, 504 000 |
Hovudkvarter | Tysons |
ISSN | 0734-7456, 2165-1779 |
Nettstad | www |
USA Today er ei amerikansk dagsavis skipa i 1982 av Allen Neuharth. Ho er ei av dei største nasjonale avisene i USA, og har vore den med dei største opplagstala. Eigaren og utgjevaren av avisa er Gannett Company.
Første utgåva av USA Today kom ut den 15. september 1982.[1] Avisa har hovudkvarter i Tysons Corner i Virginia.[2]
Avisa blir seld i alle 50 statane i USA og i District of Columbia, Guam, Puerto Rico, Canada og Storbritannia. Avisa kostar 2 dollar, og er tilgjengeleg gratis på Internett.
USA Today hadde eit opplag på 1 674 306 i 2013, noko som gjorde henne til den største papiravisa i USA. Når også digitale abonnement er telde med er ho den tredje største avisa i landet, etter The Wall Street Journal og The New York Times.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «USA Today» frå Wikipedia på engelsk, og «USA Today» frå Wikipedia på svensk den 8. juni 2016.
- Denne artikkelen bygger på «USA Today» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juni 2016.
- ↑ «USA Today: Press Room : Press Kit». Henta 26. mai 2012.
- ↑ «Tysons Corner CDP, Virginia». United States Census Bureau. Arkivert frå originalen 10. november 2011. Henta 7. mai 2009.
- ↑ «Top 25 U.S. Newspapers for March 2013 | Alliance for Audited Media». auditedmedia.com. Arkivert frå originalen 11. juni 2013. Henta 21. oktober 2015.