USA Union

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
USA Union
Studioalbum av John Mayall
Språk engelsk
Utgjeve 1970
Innspelt Larrabee Studio, Los Angeles i USA
Sjanger Blues
Lengd 47:44
Selskap Polydor
Produsent John Mayall
John Mayall-kronologi 
Empty Rooms
(1970)
USA Union Back to the Roots
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Rolling Stone(middels)[1]
Allmusic2/5 stars[2]

USA Union er eit studioalbum frå 1970 av bluesmusikaren John Mayall med Harvey Mandel på gitar, Larry Taylor på bass og Don «Sugarcane» Harris på fiolin. Albumet vart spelt inn 27. og 28. juli 1970 i Larrabee Studios i Los Angeles og kom ut same året på Polydor.[3]

Mot slutten av 60-åra hadde John Mayall flytta til Laurel Canyon i Los Angeles og hadde blitt kjend med lokale musikarar. Han vart vener med Harvey Mandel og Larry Taylor, som begge nettopp hadde slutta i Canned Heat. Taylor hadde spelt på ein song på det førre albumet til Mayall, Empty Rooms. Med denne nye heilamerikanske besetninga, gjekk Mayall i ei meir jazzaktig bluesretning, som ein først kunne høyre på konsertalbumet The Turning Point. Det uvanlege formatet (elektriske gitarar av Mayall og Mandel, Mayall på piano og munnspel, og med Harris på elektrisk fiolin, Taylor på akustisk og elektrisk bass, og ingen trommer) gav ein unik stil.

Songane dokumenterer den dåverande romansen mellom Mayall og Nancy Throckmorton, noko han òg song om på Empty Rooms. Ho tok fotografiet for plateomslaget. På turneen som følgde fekk Mayall med seg trommeslagaren Paul Lagos frå Kaleidoscope.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Mayall.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Nature's Disappearing»5:58
2.«You Must Be Crazy»3:58
3.«Night Flyer»5:36
4.«Off the Road»2:51
5.«Possessive Emotions»5:22
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Where Did My Legs Go»3:48
7.«Took the Car»4:11
8.«Crying»6:30
9.«My Pretty Girl»4:24
10.«Deep Blue Sea»5:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Leonard Feather – notat i omslage
  • Bob Gordon – fotografi
  • John Judnich – lydteknikar
  • Tapani Tapanainen – fotografi
  • Nancy Throckmorton – fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 11. februar 2010, henta 13. juni 2018 
  2. «allmusic ((( USA Union > Overview )))». www.allmusic.com. Henta 12. juni 2018. 
  3. Diskografien til John Mayall, arkivert frå originalen 21. januar 2012, henta 13. juni 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]