USAs piratparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
USAs piratparti

LandUSA
Grunnlagt6. juni 2006
Ideologipiratparti, patent, opphavsrett Sjå dette på Wikidata

USAs piratparti (USPP) (engelsk: United States Pirate Party) er eit politisk parti i USA grunnlagt i 2006 av Brent Allison og Alex English.[1] Partiet er på linje med den internasjonale piratrørsla og er ein del av samskipnaden Pirate Parties International. Partiet arbeider for å setje menneske framfor selskap, openheit i statsforvaltninga, personvern, fri kultur gjennom reform av opphavsretts- og patentlovgjeving, reform av politiet, og motstand mot forskjellsbehandling (mellom anna fri bevegelse for amerikanarar frå alle amerikanske land, og dessutan fri bevegelse for alle folkeslag). Partiet arbeider også med politikk på ei rekkje andre saksområde.[2]

Partiet er systerpartiet til det norske Innovasjon- og teknologipartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Pirates Hold a Party» (på engelsk). Wired Magazine. 20. juni 2006. Henta 23. november 2022. 
  2. «Platform» (på engelsk). USAs piratparti. Henta 23. november 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]