Heckler & Koch USP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå USP)
Heckler & Koch USP

Heckler & Koch USP (Universelle Selbstladepistole) er ein tysk halvautomatisk pistol introdusert i 1993. Pistolen har ein locked-breech-lås lik Browning P 35 HP. Dei vanlegaste kalibera er kaliber 9 mm Parabellum og kaliber .40 Smith & Wesson. Pistolen finst i fleire ulike variantar.

I Tyskland har dei teke i bruk to variantar av USP; hæren har teke inn éin som P8 og det føderale politiet har teke inn éin som P10. P8 er ein standard USP, medan P10 er kompakt-varianten. Begge brukar berre 9 mm Parabellum. I USA er han i liten grad teken i bruk i politiet på grunn av at han er dyr i høve til pistolar som Beretta og GLOCK. I Noreg har politiet ifølgje Aftenposten 7. juli 2006 kjøpt inn 7500 eksemplar, men GLOCK-firmaet har trua med rettssak fordi dei meiner deira pistol har vorte forbigått på feilaktig grunnlag.[1]

Kjelddr[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Heckler & Koch USP

Manualar[endre | endre wikiteksten]