USS «Constitution»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
USS «Constitution» seglar i Massachusetts Bay i 1997.

USS «Constitution» er ein tremasta fregatt som høyrer til United States Navy. Fartøyet er kalla opp etter den amerikanske grunnlova av den første presidenten i USA, George Washington. USS «Constitution» vart sjøsett i 1797 og er verdas eldste marinefartøy som er i aktiv teneste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

USS «Constitution» vart sjøsett den den 21. oktober 1797 og var ein av seks fregattar som vart vedteken etter «Naval Act of 1794». Konstruktøren Joshua Humphreys teiknna dei seks fartøya med tanke på at dei skulle vere US Navy hovudskip, dei var difor større og kraftigare bestykka enn vanlege fregattar. Fartøyet vart bygd i Boston ved Edmund Hartts skipsverft og det første oppdraget var å beskytte amerikansk skipsfart under «liksomkrigen» med Frankrike (1798-1800) og å slå barbarstatane under den første barbarkrigen (1801-1805).

Den viktigaste perioden til USS «Constitution» var under den britisk-amerikanske krigen mot Storbritannia der fartøyet erobra ei rekke handelsfartøy og nedkjempa fem britiske marinefartøy; HMS «Guerriere», HMS «Java», HMS «Pictou», HMS «Cyane» og HMS «Levant». Kampen mot HMS «Guerriere» gav USS «Constitution» tilnamnet Old Ironsides og offentleg beundring som fleire gonger har redda fartøyet frå opphogging. USS «Constitution» fortsette å tene USA som flaggskip i skvadroner i Middelhavet og ved Afrika og gjorde ei verdsomsegling på 1840-talet. Under Den amerikanske borgarkrigen gjorde fartøyet teneste som treningsfartøy for United States Naval Academy og til verdsutstillinga frakta fartøyet ulike delar av USA si utstilling. Etter at fartøyet vart fjerna frå aktiv teneste i 1881, gjorde ho teneste ved mottakingar inntil skipet vart erklert museumsfartøy i 1907. I 1931 sigla USS «Constitution» mellom 90 hamnar i USA under ein treårsperiode. Etter omfattende oppussing sigla fartøyet igjen i 1997.

Rolla fartøyet har i dag er å lære om rolla US Navy hadde i krig og fred gjennom formidling til skular, historiske framstillingar og ved deltaking under større tilstellingar. USS «Constitution» kan såleis sjåast på som i aktiv teneste, til trass for museumsstatusen. Med ei besetning på 60 offiserar og mannskap deltek fartøyet i seremoniar, utdanningsprogramm og ved spesielle høve samstundes som det vert halde opent for besøkande året rundt. Offiserar og mannskapet er alle aktivt tjenestegjerande i US Navy. Fartøysjefen er tradisjonelt med rang av kommandør.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hoyt, Edwin Palmer (2000). Old Ironsides (Large Print), G.K. Hall. ISBN 0-7838-9151-2. OCLC 44468774.
  • Humphreys, Assheton Y. (2000). in Tyrone G. Martin: The USS Constitution's Finest Fight: The Journal of Acting Chaplain Assheton Humphreys, US Navy. The Nautical & Aviation Publishing. ISBN 1-877853-60-7. OCLC 44632941.
  • Wachtel, Roger (2003). Old Ironsides (Elementary and Junior High School), Childrens Press. ISBN 0-516-24207-5. OCLC 50035427.

Bakgfrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: USS «Constitution»