USS «Enterprise» (CV-65)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
USS «Enterprise» (CV-65)
USS «Enterprise» (CV-65)

USS «Enterprise» (CV-65) er eit tidlegare amerikansk hangarskip som var aktivt frå 1961 til 2017. Det var det første atomdrivne hangarsskipet i verda og det åttande skipet i USA si flåte som ber namnet USS «Enterprise». USS Enterprise hadde base i Norfolk i Virginia.

Kjølen vart lagt den 4. februar 1958, og sjøsatt den 24. september 1960. USS «Enterprise» vart tatt inn i aktiv teneste den 25. november 1961. Skipet hadde base i Naval Station Norfolk i Virginia.[1] Den andre basen var Naval Air Station Alameda fram til denne stengde i 1997.

Det 342,3 meter lange fartøyet er framleis eit av verdas største skip. Opphavleg var det meint som det første av ein serie på seks skip, men produksjonskostnadene vart langt større enn forutsett. Dei øvrige fem skipa vart aldri bygde, så USS «Enterprise» var det einaste skipet i si klasse.

Det siste toktet til skipet byrja 10. mars 2012 og enda 4. november 2012. Det blei deaktiveert den 1. desember 2012[2] og gjekk gjennom ein 48 månader lang deaktiveringsprosess som gjorde at det ikkje kunne brukast for militære føremål meir.[3][4] «Enterprise» vart offisielt teke ut av teneste den 3. februar 2017,[5][6] etter 55 års bruk. Det var lenge det eldste skipet i US Navy som framleis var i teneste, om ein ser bort frå USS «Constitution» frå 1700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: USS «Enterprise» (CV-65)