USS «Hornet»
USS «Hornet» har vore namnet på åtte skip hjå United States Navy.
- USS «Hornet» (1775) var ein slupp i teneste frå 1775 og kjempa i den amerikanske frigjeringskrigen
- USS «Hornet» (1805) var ein anna slupp som deltok i den første barbareskkrigen.
- USS «Hornet» (1805), var ein slupp som vart sjøsett den 28. juli 1805 og som sokk i ein storm, den 29. september 1829.
- USS «Hornet» (1813) var ein skonnert mellom 1814 og 1820.
- USS «Hornet» (1865) var ein hjuldampar som opphavleg høyrde til sørstatane, men som vart teken av US Navy.
- USS «Hornet» (1898) var ein lystbåt bygd om til kanonbåt.
- USS «Hornet» (CV-8) var plattform for dei 16 B-25-bombeflya, som gjennomføyrde Doolittle-raidet. Deltok i slaget ved Midway og vart senka under slaget om Guadalcanal den 26. oktober 1942
- USS «Hornet» (CV-12) skulle opphavleg heite Kearsarge, men vart døypt om etter tapet av CV-8. Er i dag eit museumsskip i Alameda, California.