USS Houston (SSN-713)
USS Houston (SSN-713) er ein av USA sine undervassbåtar av Los Angeles-klassa og det fjerde skipet i marinen til USA som vart kalla opp etter byen Houston. Kontrakten for å byggje båten vart gjeve den 1. august 1975 og kjølen vart lagt ned den 29. januar 1979. USS Houston vart sjøsett den 21. mars 1981 og sett inn i teneste i september 1982.
Teneste[endre | endre wikiteksten]
Skipet er ein erfaren «skodespelar» og har vore med i to filmar, blant anna Jakten på Rød Oktober (en: The Hunt for Red October), der Houston spelar systerskipet Dallas.
Den 1. august 2008 meldte CNN at det hadde leke ut radioaktivt materiale frå Houstun i fleire månader medan skipet var i teneste Japan, Guam og Hawaii. Ein person hadde blitt utsett for stråling, men vart ikkje skada. USA-marinen vedgjekk etterkvart at lekkasjen kunne ha gått føre seg i opptil to år, men hevda at lekkasjen ikkje var verre enn frå røykvarslar.[1]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad for USS Houston
- Naval Vessel Register entry for USS Houston
- Ship casualty reports for USS Houston