Ubangi Stomp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Ubangi Stomp» er ein USA-amerikansk rockabillysong. Han vart skriven av Charles Underwood og først spelt inn av Warren Smith i 1956. Versjonen hans gjekk ikkje inn på salslistene, men vart ein rockabillystandard som sidan vart spelt inn av mange andre artistar.

«Ubangi Stomp» er ein beinfram, kjapp rock and roll-song utan ein særleg djup tekst («Ubangi stomp ubangi style / When the beat just drives a cool cat wild») fortalt i førsteperson om ein sjømann som dreg til Afrika og oppdagar den lokale musikken og dansen.

The Ubangi Stomp Festival er ein årleg internasjonal festival med amerikansk roots- og rockabillymusikk[1] som har fått namn etter denne songen.

Saksofonisten Earl Bostic gav ut ein instrumental kalla «Ubangi Stomp» i 1954, men utanom tittelen har denne ikkje noko å gjere med Underwood sin song.[2]

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Foghat spelte inn ein versjon under innspelinga til det første albumet sitt, Foghat, men denne kom ikkje med på albumet.[3] Han vart gjeven ut i 1992 på samlealbumet Best of Foghat Volume 2 og The Definitive Rock Collection i 2006.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ubangi Stomp». American Roots Promotion. Henta 27. juli 2017. 
  2. Tosches, Nick (1996). Country: The Twisted Roots of Rock 'n' Roll. Da Capo Press. s. 8. ISBN 978-0306807138. 
  3. «History». Foghat.com. Arkivert frå originalen 9. mai 2015. Henta January 9, 2017. 
  4. «Foghat – Ubangi Stump». Allmusic. Henta January 9, 2017.