Ubikvitin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diagram over ubikvitin
Ytemodell av ubikvitin

Ubikvitin er eit lite kuleforma protein på 76 aminosyrerestar. Ubikvitin vart oppdaga av Gideon Goldstein og publisert for fyrste gongen i 1975. Det fekk namnet sitt frå det at det er særs utbreitt.[1][2][3]

Festinga av eitt eller fleire (i ei kjede) ubikvitin-molekyl til eit protein vert kalla ubikvitinering, og er ein av dei mest nytta posttranslasjonelle modifiseringane hjå eukaryotar. Ubikvitinering involverer tre enzym kalla E1 (ubikvitinaktiverande enzym), E2 (ubikvitinkonjugerande enzym) og E3 (ubikvitinligerande enzym). Ein av funksjonane til ubikvitinering er å merkja protein for nedbryting av eit proteasom.[1][4]

Ubikvitin vert gjerne koda for av fleire gen hjå ein organisme. Sogdyr har fire gen for ubikvitin: to som kodar for fleire kopiar av ubikvitin og to som kodar for eitt einskild ubikvitinmolekyl og eit ribosomprotein.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Husnjak, Koraljka; Dikic, Ivan (2012). «Ubiquitin-Binding Proteins: Decoders of Ubiquitin-Mediated Cellular Functions». Annual Review of Biochemistry 81: 291–322. PMID 22482907. doi:10.1146/annurev-biochem-051810-094654. 
  2. Goldstein, G; Scheid, M; Hammerling, U; Schlesinger, D. H; Niall, H. D; Boyse, E. A (1975). «Isolation of a polypeptide that has lymphocyte-differentiating properties and is probably represented universally in living cells». Proceedings of the National Academy of Sciences 72: 11. doi:10.1073/pnas.72.1.11. 
  3. Wilkinson, K. D (2005). «The discovery of ubiquitin-dependent proteolysis». Proceedings of the National Academy of Sciences 102 (43): 15280. doi:10.1073/pnas.0504842102. 
  4. Spasser, Liat; Brik, Ashraf (2012). «Chemistry and Biology of the Ubiquitin Signal». Angewandte Chemie International Edition 51 (28): 6840. PMID 22696461. doi:10.1002/anie.201200020. 
  5. Kimura, Y; Tanaka, K (2010). «Regulatory mechanisms involved in the control of ubiquitin homeostasis». Journal of Biochemistry 147 (6): 793. PMID 20418328. doi:10.1093/jb/mvq044. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.