Udefinert åtferd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I programmering er udefinert åtferd resultatet av å køyra kode som ikkje har ei åtferd definert av språkspesifikasjonen som koden er stilt til.[1] Både C og C++ er språk der åtferda stundom er udefinert. I standarden til desse språka står semantikken for enkelte operasjonar som udefinert. Ein kompilator har lov til å gå ut i frå at slike operasjonar aldri vil oppstå i koden. Implementasjonen av kompilatoren vil vera oppfatta som korrekt uansett kva han definerer åtferda til å vera for dei tilfella der kode har udefinert åtferd. Dette gjev stor fleksibilitet for dei som skal skriva kompilatorar, ettersom det ofte tillèt kompilatoren å gjera store optimiseringar. Det er ansvaret til programvareutviklaren å skriva kode som ikkje har udefinert åtferd, sjølv om kompilatoren har lov til å diagnostisera problemet når det skjer.

Døme på udefinert åtferd[endre | endre wikiteksten]

Det å modifisera eit «string literal» er udefinert åtferd[2]

char *p = "wikipedia";
p[0] = 'W'; // Dette er udefinert åtferd

Heiltalsdivisjon med 0 er òg udefinert oppførsel

int res = 5/0;

Det å endra eit objekt fleire gongar mellom to sekvenspunkt er òg udefinert åtferd.[3] Eit sekvenspunkt er eit punkt i programmet der alle sideeffektar ved tidlegare evalueringar skal gjennomførast og ingen sideffektar av kommande evalueringar skal ha hendt. Eit semikolon er eit døme på eit sekvenspunkt. Det er verdt å nemna at her er det visse skilnadar mellom C og C++ på kva som er udefinert åtferd i samsvar med sekvenspunkt, spesielt etter versjonsstandarden C++11.[1] Men dette særskilde høvet vil vera udefinert åtferd i begge.

int i = 5;
i = i++ + 1; // Dette er udefinert åtferd

Når ein modifiserer eit objekt mellom to sekvenspunkt vil òg det å lesa verdien for noko anna føremål enn å avgjera verdien som skal lagrast vera udefinert åtferd.[4] I det første dømet gjeld det variabelen i, som vert lesen i «a[i]» men for eit anna føremål enn å avgjera verdien til i. Mellom sekvenspunkta vert òg verdien av i endra, som vidare fører til udefinert åtferd. Ein kan sjå same prinsipp ved dømet i andre linje.

a[i] = i++; // udefinert åtferd
printf("%d %d", ++n, power(2, n)); // også udefinert åtferd

Visse peikaroperasjonar er òg udefinert åtferd[5]

int arr[4] = {1, 2, 3, 4};
int *p = arr + 5; // Dette er udefinert åtferd

Det å nå enden av eit funksjonskall som skal returnera ein verdi er òg udefinert åtferd[6]

int funk() {

}

printf("%d", funk()); // udefinert åtferd

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Order of evaluation - cppreference.com». en.cppreference.com. Henta 9. august 2016. 
  2. ISO/IEC (2003). ISO/IEC 14882:2003(E): Programming Languages - C++ §2.13.4 String literals [lex.string] para. 2
  3. ANSI X3.159-1989 Programming Language C, footnote 26
  4. ISO/IEC (1999). ISO/IEC 9899:1999(E): Programming Languages - C §6.5 Expressions para. 2
  5. ISO/IEC (2003). ISO/IEC 14882:2003(E): Programming Languages - C++ §5.7 Additive operators [expr.add] para. 5
  6. ISO/IEC (2007). ISO/IEC 9899:2007(E): Programming Languages - C §6.9 External definitions para. 1