Udo Beyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Udo Beyer


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 9. august 1955 (68 år)
Eisenhüttenstadt
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1976 Summer Olympics – men's shot put, athletics at the 1980 Summer Olympics – men's shot put, athletics at the 1988 Summer Olympics – men's shot put, athletics at the 1992 Summer Olympics – men's shot put, presidentvalget i Tyskland 2004

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv, Sportsman of the year

Udo Beyer i 1980

Udo Beyer (fødd 9. august 1955) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Eisenhüttenstadt som tevla i kulestøyt for Aust-Tyskland. Han vart olympisk meister i 1976 og europeisk meister både i 1978 og 1982. Beyer høyrde til verdseliten i kulestøyt i femten år, frå midt på 1970-talet til 1990.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Beyer vart i 1973 europameister i kulestøyt for juniorar. Året etter deltok han i EM i Roma og vart nummer åtte, tidlegare i 1974-sesongen hadde han sett personleg rekord med 20,20 m.

Under sommarleikane 1976 i Montreal vann Beyer ei jamn kuletevling med to centimeters forsprang til sølvvinnaren Jevgenij Mironov frå Sovjetunionen. Året etter vann han kuletevlinga i den fyrste verdscupen for lag. Med sterke 21,74 m var han langt over meteren føre andremann.

Den 6. august 1978 sette Beyer ny verdsrekord i kulestøyt med 22,15 m. Nokre veker seinare vart han europameister i Praha, som i OL 1976 framom Jevgenij Mironov. Fire år seinare forsvarte Beyer EM-tittelen på suverent vis, då han slo sølvmedaljøren Janis Bojars frå Sovjetunionen med heile 69 cm. I mellomtida hadde han teke bronsemedaljen under sommar-OL 1980 i Moskva.

Sommaren 1983 forbetra Beyer verdsrekorden til 22,22 m, men klarde ikkje betre enn 20,09 m i friidretts-VM i Helsingfors og vart nummer seks i meisterskapen. Ettersom Aust-Tyskland boikotta OL 1984 i Los Angeles, deltok ikkje Beyer i leikane.

Beyer gjorde sitt liv lengste støyt og sette verdsrekord med 22,64 m den 20. august 1986. Han var såleis i fyrste rekke mellom favorittane i EM-finalen i Stuttgart åtte dagar etter. Han lukkast ikkje heilt, med 20,74 m i sluttprotokollen tok han rett nok bronse, men hamna langt bak europameisteren Werner Günthör frå Sveits og sin eigen landsmann Ulf Timmermann. Beyer deltok i sitt tredje OL i 1988, og trass i gode 21,40 m måtte han nøye seg med ein fjerdeplass.

Beyer vart austtysk meister elleve år på rad, 1977-87. Han vann kule i Europacupen for lag tre gongar etter kvarandre; 1977, 1979, 1981.

Etter 1992-sesongen la han opp som aktiv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]