Uekte kognat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

I språkvitskapen er ein uekte kognat to ord som liknar eller er like og som har like eller liknande tydingar, men som ikkje har noka eigentleg etymologisk tilknyting til einannan. Ekte kognatar har derimot ein etymologisk slektskap, til dømes i form av lånord.

Ei vanleg form for uekte kognatar er ord knytte til barnespråk. Desse er blitt utvikla på ulike stader gjennom pludring, ikkje spreiing frå éi rot. «Mamma» og «pappa» på norsk og fleire andre europeiske språk svarer til dømes til kinesisk māma og bàba, men dei har utvikla seg sjølvstendig og er dermed uekte kognatar.

Andre døme på uekte kognatar kan vera fargeord, til dømes tyrkisk kara for 'svart', som liknar på car med same tyding frå det nilo-sahariske språket dinka. Eit anna døme er orda for 'raud' som på ungarsk (eit uralsk språk) heiter piros og på nilo-saharisk ndani heiter pirir.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allot, R (1974). «Some aparent uniformities between languages in color-naming». Language and speech. s. 377–402.