Ufullstendigheitsteorema

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ufullstendigheitsteorema er to teorem i matematisk logikk laga av Kurt Gödel i 1931 og begge er viktige i matematisk logikk og matematisk filosofi. Dei seier hovudsakleg at det ikkje er mogeleg å finne eit komplett og konsistent sett med aksiom for all matematikk, og er dermed eit negativt svar til Hilberts andre problem.

Teorema seier at i kvart matematisk aksiomsystem sterkt nok til å uttrykke vanleg aritmetikk, vil det alltid finnast sanne påstandar som ikkje er mogeleg å bevise.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]