Ugler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ugler
Flekkugle Strix occidentalis
Flekkugle Strix occidentalis
Utbreiing
Utbreiinga av ugler
Utbreiinga av ugler
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Wagler, 1830

Fugleordenen ugler (Strigiformes) inkluderer nær 250 artar av hovudsakleg nattlege rovfuglar som er karakteriserte av ei oppreist haldning, eit stort, breitt hovud, binokularsyn, spesialiserte øyre, skarpe klør og fjør tilpassa stille flyging. Unnatak inkluderer haukugle og graveugle.

Ugler jaktar stort sett på små pattedyr, insekt og andre fuglar, sjølv om nokre få artar spesialiserer seg på fisk. Dei finst i alle regionar på jorda bortsett frå på polarisen og nokre avsidesliggande øyar.

Ugler er delt inn i to familiar: «verklege», eller «typiske ugler» i uglefamilien, Strigidae, og tårnuglefamilien, Tytonidae. Uglene er ikkje nært i slekt med andre rovfuglar i ordenane Falconiformes og Accipitriformes.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Graveugle (Athene cunicularia)
Foto: Dario Sanches

Ugler har typisk store, framoverretta auge som ser godt. Oppbygginga er ulik til dømes menneskeauge; dei er meir avlange enn kuleforma, og gjer at fuglane kan sjå byttet sitt på lang avstand. Dei fleste andre rovfuglar har auge på sidene av hovudet, men den stereoskopiske naturen til ugler sine framoverretta auge og binokularsyn, tillèt større kjensle av å sanse djupne som er nødvendig for jakt i svakt lys. Dei store auga er låst i soklane - som hos dei fleste andre fuglar - så dei må snu heile hovudet for å endre synssektor. Sidan ugler er langsynte, kan dei ikkje tydeleg sjå noko innan nokon få centimeter frå auga. Evna til å sjå langt spesielt i svakt lys, er usedvanleg god. Ugler kan rotere hovudet og nakken så mykje som omkring 270 °. Ugler har 14 nakkevirvlar, samanlikna med sju hos menneske, noko som gjer nakken meir fleksibel. Dei har òg tilpassingar til sirkulasjonssystema, noko som tillèt rotasjon utan å kutte blod til hjernen.

Ugler har òg øyreopningar som er vendt framover i eit flatt ansikt og vanlegvis ein iaugefallande fjørkrets, med ei ansiktsskive rundt kvart auge. Fjørene som gjer ut for denne skiva kan justerast til skarpt fokus på lydar frå forskjellige avstandar til dei asymmetrisk plasserte øyreholromma hos ugler.

Klørne er lange, skarpe og bøygde og nebbet boga og kraftig.

Uglene har kraftige bryst- og vengemusklar til å flyge med. Nesten heile kroppen er dekt av fjør, slik at han er glatt og straumlineforma. Beina er lette, ofte hole, slik at fuglen veg mindre. Alle desse eigenskapane gjer ugler til dyktige flygarar. Uglefjørdrakta er generelt kamuflerande, sjølv om fleire artar har ansiktsmasker, oppreiste øyrefjører og fargerike irisar. Desse markeringane er generelt meir vanlege hos artar som lever i opne habitat, og blir trudd å vere til nytte i kommunikasjon med andre ugler i forhold med lite lys.[1]

Det finst stor storleiksvariasjon mellom dei ulike artane, og ofte er også hoa større enn hannen.[2] Hjå nokre ugleartar er hoa opptil 50 % større enn hannen, eit døme er hubro (Bubo bubo).[3] Den minste ugla - som veg så lite som 35-55 gram og måler omtrent 12,5 til 14 cm - er alveugle (Micrathene whitneyi). Dei største uglene er to hubroar av same storleik; arten hubro og nordfiskeugle (Bubo blakistoni). Dei største hoene av desse artane er 71 cm lange, har eit vengespenn på 190 cm og veg 4,2-4,6 kg. Omtrent midt i mellom desse ytterpunkta i storleik ligg òg alle ca. 20 artar av tårnugler og slørugler i tårnuglefamilien på rundt 30 til 40 cm i kroppslengde.

Flyging og fjør[endre | endre wikiteksten]

Detalj frå uglefjør: Den taggete kanten diagonalt i biletet reduserer vindstøy frå fjøra. Sjølve fjøroverflata i venstre del av biletet
Foto: Kersti Nebelsiek

Dei fleste ugler har ei medfødt evne til nesten stille flyging, men til prisen av langsamare flukt i høve til andre fuglar. Dei fleste ugler er hovudsakleg nattaktive, og det å kunne flyge utan å lage støy gir dei ein sterk føremon om natta, eigenskapen er ikkje like nødvendig for artar som jaktar i dagslys eller tussmørker. Uglefjører er i gjennomsnitt større enn fjører til andre fugleartar, har færre strålar, og oppnår glatte kantar med ulike strukturar av fjørskaft.[4] Overflata på flygefjørene er dekte med ein fløyelsaktig struktur som absorberer lyden av vengen i flukt. Dette optimaliserer evna til å flyge stille for å fange byttedyr utan at byttet høyrer ugla i flukta, og for å høyre støy som byttet lagar. Det lèt òg ugla overvake støynivået frå flyginga.

Ugler i kulturen[endre | endre wikiteksten]

I europeisk kultur har uglene hatt ry på seg for å vera kloke fuglar, og har vore brukte som symbol på visdom og kunnskap. Dette kjem av at kyrkjeugla var den heilage fuglen til Atene, den greske visdomsgudinna. Men dette synet på fuglane er slett ikkje verdsomspennande; i India blir dei derimot sett på som svært dumme dyr.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ugleordenen blir delt inn i to familiar:

  • Tårnuglefamilien, Tytonidae (Scopoli, 1769): Ei gruppe på 16-20 artar av slørugler og tårnugler, vidt spreidd, men finst ikkje i store delar av Asia. Dei lever i eit breitt spekter av habitat frå ørken til skog, og frå tempererte breiddegradar til tropane.
  • Uglefamilien, Strigidae (Vigors, 1825): Ca. 230 små til mellomstore predatorar med kort, krokete nebb, stort hovud, sterkt utvikla syn og høyrsle, og er for det meste nattaktive.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «True owl» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2021
  • Winkler, D. W., S. M. Billerman, and I.J. Lovette (2020). Owls (Strigidae), version 1.0. n Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.strigi1.01

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Galeotti, Paolo; Diego Rubolini (November 2007). «Head ornaments in owls: what are their functions?». Journal of Avian Biology 38 (6): 731–736. doi:10.1111/j.0908-8857.2007.04143.x. 
  2. Lundberg, Arne (May 1986). «Adaptive advantages of reversed sexual size dimorphism in European owls». Ornis Scandinavica 17 (2): 133–140. JSTOR 3676862. doi:10.2307/3676862. 
  3. Holt, D. W., R. Berkley, C. Deppe, P. L. Enríquez, J. L. Petersen, J. L. Rangel Salazar, K. P. Segars, K. L. Wood, og J. S. Marks (2020). Eurasian Eagle-Owl (Bubo bubo), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.eueowl1.01
  4. Bachmann T.; Klän S.; Baughmgartner W.; Klaas M.; Schröder W.; Wagner H. (2007). «Morphometric characterisation of wing feathers of the barn owl Tyto alba pratincola and the pigeon Columba livia». Frontiers in Zoology 4: 23. PMC 2211483. PMID 18031576. doi:10.1186/1742-9994-4-23.