Ugrasklokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ugrasklokke
Ugrasklokke
Ugrasklokke
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Klokkefamilien Campanulaceae
Underfamilie: Campanuloideae
Slekt: Klokkeslekta Campanula
Art: Ugrasklokke C. rapunculoides
Vitskapleg namn
Campanula rapunculoides

Ugrasklokke (Campanula rapunculoides ) er ein fleirårig 20-80 cm høg blomsterplante i klokkeslekta i klokkefamilien.

Blomane.
Plante

Ugrasklokka har lang jordstengel med tjukke knollar. Dei nedre blada er smalt hjarteforma med lange skaft, dei øvre blada er lansettforma og sitjande. Blomstrane 2-3 cm lange og mørkt blåfiolette, med kanthåra flikar. Blomstringa byrjar nedanfrå, mens planten enno veks.

Ugrasklokka vart innført til Norden som kjøkenplante på 1700-talet. Sidan har ho spreidd seg til hagar og parkar. Planten har ein greinete jordstengel, og ørsmå restar av rotstengelen er nok til at det spirer opp nye plantar. Har ugrasklokka komme inn i ein hage, er han svært vanskeleg å bli kvitt. Slik er ho blitt ein vanleg ugrasplante frå Sogn og sørover. Ho veks òg i Trøndelag og spreidd nordover til Troms. Opphavleg stammar ho frå Søraust-Europa og Vesleasia.

I Noreg er fagerklokka nokså vanleg på søraustlandet, i området frå Østfold til Mandal og nord til Elverum. Han er òg innført og forvilla i Stavanger og Randaberg, Fauske og Bodø, Sør-Varanger. Elles veks han i Europa og Vest-Asia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ugrasklokke