Uigurisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Uighurisk)
Uigurisk
ئۇيغۇرچە, Uyƣurqə, уйғурчә
Klassifisering Altaisk
 Tyrkisk
  Austtyrkisk
   Uigurisk
Bruk
Tala i  Folkerepublikken Kina
 Kasakhstan
Uigurisktalande i alt 7 601 000[1]
Skriftsystem Det arabiske alfabetet og det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 ug
ISO 639-2 uig
ISO 639-3 uig
Wikipedia på uigurisk

Uigurisk er eit tyrkisk språk som blir tala av uigurar. Det blir tala av rundt 8,5 millionar menneske i Kina og 300 000 i Kasakhstan, i tillegg til fleire andre land. Dei fleste uigurar i Kina bur i den autonome regionen Xinjiang, der uigurisk er offisielt språk saman med kinesisk.

Som mange andre tyrkiske språk er uigurisk eit agglutinerande SOV-språk med vokalharmoni. Det deler ikkje substantiv inn i nominalklassar som kjønn. Særeige for uigurisk, særleg for nordlege dialaktar, er vokalreduksjon og omlyd.

Slektskap[endre | endre wikiteksten]

Gammaluigurisk blei tala i uigur-rika i Xinjiang rundt 800–1000-talet. Dette språket er nesten identisk med gammaltyrkisk.

Moderne uigurisk høyrer til den austlege delen den uigurisk-tyrkiske språkgruppa, som også omfattar salarisk, vest-jugurisk og fleire mindre språk. Usbekisk utgjer den vestlege delen av språkgruppa. Ordforrådet i språket er sterkt påverka av kinesisk, russisk og arabisk, medan lydlæra er påverka av iranske og tokariske substrat.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Internettkafé i Khotan med uigurisk og kinesisk skilt.

Uigurisk blir i dag skrive med eit tilverka arabisk alfabet i Kina, men har tidlegare også vore skrive med latinske bokstavar. Ein gjekk over frå arabiske til latinske bokstavar i 1960, og tilbake igjen til eit tillempa arabisk alfabet i 1983. I Kasakhstan bruker ein kyrilliske bokstavar.

Dei eldste uiguriske tekstane går tilbake til 700-talet. Dei blei skrivne med det persiske sogdianalfabetet som etterkvart blei utvikla til det gamle uighuralfabetet. Eldre uigurisk litteratur er hovudsakleg buddhistisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«uigurisk» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar