Uigurar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uigurar på ein marknad i Xinjiang i 1986.
Kart over prefektur i Xinjiang; område med uigursk befolkningsovervekt per 2000 i blått

Uigurar (alternativt uyghurar, uygurar eller uighurar, kinesisk skrift 维吾尔, pinyin wéiwú'ěr) er ei turkotatarisk (tyrkisk) folkegruppe som hovudsakleg bur i Xinjiang Uygur autonome region, òg kjent som Aust-Turkestan, i nordvestlege Kina, der dei er den dominerande gruppa i lag med han-kinesarane. Mange bur òg i nabolanda Usbekistan, Kasakhstan og Kirgisistan. Ein anna gruppe uigurar bur i Taoyuan fylke i Hunan-provinsen i sørlege sentrale Kina. Det er mange uigurar òg Beijing og Shanghai.

Uigurane utgjer ei av dei 56 folkegruppene som er offisielt anerkjende av Folkerepublikken Kina.[1] Religiøst er mange uigurar muslimar, og dei siste tiåra har dei vore konflikt mellom dei og statsmakta som følgje av kulturell undertrykking og siniseringspolitikk i Xinjiang.

Mange uigurar bur i eksil i Europa og Asia og den politiske leiaren Rebiya Kadeer lever i eksil i USA. Utanfor Kina er det konsentrasjonar av uigurar i byar som Sydney, Washington D.C., München, Tokyo, Toronto og Istanbul. Det bur om lag 2 500 uigurar i Noreg.[treng kjelde]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Xinjiang, eller «Det nye territoriet», var ein forvisingsstad for brysomme kinesarar allereie i Han-dynastiet – under den brutale «første keisaren» Qin Shihuang (259-210 f.Kr.).

Saman med dei såkalla køktyrkarane (òg kalla gokturkarar) var uigurane eit av dei største og mest uthaldande av dei turkotatarisk-talande folkeslaga i Sentral-Asia. Dei bestod som ein stammeføderasjon styrtav Juan Juan-konføderasjonen frå 460 til 545, og deretter av heftalittane frå 541 til 565, før dei blei gjort til ein del av det kokturkiske khaganat. I kinesiske kjelder blei dei omtalte som huíhé og huihu. På 700-talet, då dei fortrengde gokturkarane, oppretta dei eit eige khanat. Det kinesiske huihu er bakgrunnen for nemninga huihui som kinesarar nyttar for muslimar. Det ligg òg til grunn for nasjonalitetsnamnet hui, som blir brukt om ei kinesisktalande muslimsk folkegruppe i Kina.

Khaganatet til uigurane strekte seg frå Kaspihavet til Mandsjuria og bestod frå 745 til 840, då kirgisarane etablerte seg med styrke. Resultatet vart at uigurske stammegrupper flytta seg til ei rekkje nye område, som til Xinjiang og Gansu, og ut på dei sentralasiastiske steppene. I Dzungaria og i Tarimbekkenet oppretta dei kongedømet Idiqut, som heldt fram til 1209, då det underkasta seg mongolane under Djengis Khan.

Turkotatarar i det vestlege Tarimbekkenet byrja å konvertera til islam på 900-talet, men dei fleste uigurane i Besh Balik- og Turfan-områda konverterte ikkje før på 1400-talet, då Jarkandkhanatet, ein mongolsk etterfølgjarstat i vestlege Tarim, ekspanderte inn i deira område. Frå då av byrja forfedrane til dei moderne uigurane å slutta å kalla seg sjølv uigurar, men identifiserte seg som «turki» eller «musulmanar».

Før dei konverterte til islam, var det blant uigurane både manikearar, buddhistar og nokre assyriske kristne. Genetisk og kulturelt stammar dei moderne uigurane dels frå nomadiske turkomanske stammar, frå dei mange iransktalende gruppene – som sakaer og sogdianarar som tidlegare hadde busett seg i oasebyene i Tarimbekkenet, og dei centum-indoeeuropeisktalande tocharianarane. Framleis kan ein koma over uigurar med lys hud og lyst hår.

Ei mindre gruppe uigurar drog òg til det som i dag er Gansu-provinsen i Kina, der dei konverterte frå manikeismen til tibetansk buddhisme. I motsetnad til slektningane sin lenger vest konverterte dei ikkje seinare til islam. Dei utgjer med dette eit uvanleg element blant dei turkotatariske folka. Etterkomarane deira bur framleis i dette området, og er kjende som yugurar (kring 10 000 menneske).

Den svenske oppdagaren Sven Hedin reiste mykje i Aust-Turkestan blant uigurane på byrjinga av 1900-talet, og hadde eit spesielt nært tilhøve til dette folkeslaget.[2]

Uigurane i Kina[endre | endre wikiteksten]

Det historiske handtrykket mellom uigurbonden Kurban Tulum og Mao Zedong frå 1958, som er minna med ein statue i Khotan.

Uigurane proklamerte i 1944 ein eigen stat etter samanbrotet av nasjonalistregimet til Chang Kai-chek, og kalla staten Republikken Aust-Turkestan. Då kommunistane kom til makta i 1949 budde berre 300&nbspl000 kinesarar i Xinjiang, av ein total folkesetnad på om lag 5 millionar.[2] Xinjiang blei «sjølvstyrt region» i 1955, men fekk liten fridom. Kommunistpartiet arresterte tusenvis av uigurar og andre muslimar under tiltale av å vera «godseigarar», spionar eller undergravarar, og jord og buskap blei kollektivisert. I 1966 starta kulturrevolusjonen og alle moskear blei stengde av raudegardistane. Først i 1979, under Deng Xiaoping, blei nokre moskear opna att.

Jenter i kostyme i 2006.

På 1990-talet byrja ein ny siniseringspolitikk i Xinjiang. Han-kinesarar blei oppfordra av styresmaktene til å busetja seg der. Staten stimulerte tilflytting og mobiliserte sivile kinesarar under slagordet «Dra vestover!». Funn av olje og naturgass i ørkenen i Xinjiang auka tilflyttinga endå meir. Det er dessutan bygd ein oljerøyrledning til kysten i aust. Ved folketeljinga i 2000 var talet på han-kinesarar auka til 7,5 millionar, medan det var ca. 8 millionar uigurar, og andre folkeslag utgjorde om lag 4 millionar.[2] Talet på han-kinesere og uigursr er altså om lag likt i provinsen – og om ein tek med 2,5 millionar han-kinesarar som er kontraktarbeidarar for Statsselskapet for produksjon og utbygging i Xinjiang, og 500.000 soldatar i Folkets frigjeringshær, kan det opphalda seg godt over 11 millionar han-kinesarar i Xinjiang til eikvar tid.[3]

Dei siste ti åra har regjeringa i Beijing vidareført ein kinesifiseringspolitikk som kan minna om politikken i Tibet – sivile han-kinesarar blir oppfordra til å slå seg ned i Xinjiang-provinsen. Motstanden mot den hardhendte kinesiske politikken har vore brei, men har òg ytra gjennom radikale islamske grupper som Aust- Turkestans Islamske Rørsle (ETIM). Hausten 2001 blei 22 uigurar sett i fangenskap i Guantanamo i samband med arrestasjonar i Afghanistan. Organisasjonen ETIM står på SN si terroristliste. Framvoksteren av radikal islam i Sentral-Asia motiverte Beijing til å auka politi- og militærnærværet, og søkja tryggleikssamarbeid med Russland og dei sentralasiatiske landa gjennom den såkalte Shanghai-gruppa.

I 1999 blei leiaren for «Rørsla til dei tusen mødrene», Rebiya Kadeer, arrestert og fengsla i Kina. Ho leidde ein brei velferdsorganisasjon og vart talsperson for uigurane. I 2004 blei Kadeer lauslaten etter påtrykk frå USA, ho fekk Raftoprisen og blei gjenforeint med mannen i USA. Opptøyar blant uigurene har stadig funne stad, med valdelege samanstøytar blant anna i 2004. I juli 2009 braut det hittil kraftigaste uiguriske opprøret ut i provinsen, der minst 159 menneske blei drepne og 1 00asåret ifølgje offisielle kjelder.[4] Den 8.juli innførte dei kinesiske provinsstyresmaktene portforbod i hovudstaden Ürümqi. 1. mars 2014 blei 28 menneske drepe og 162 skadde då fleire menn, væpna med kniv, gjekk til angrep på Kunming togstasjon i Yunnan-provinsen. Kinesiske styresmakter la ansvaret på militante uigurar.

Uigur-protestar ved SN.

Sidan 2014 har uigurar i Xinjiang vore utsette for strenge kontrollar og restriksjonar av dei kinesiske styresmaktene som råkar dei religiøse, kulturelle og sosiale liva deira.[5][6][7] Utvida politiovervåking kan sjå etter teikn på «religiøs ekstremisme» som kan omfatta det å eiga forbodne bøker om uigurar, ha skjegg, eiga eit bønneteppe eller å stoppa å røyka eller drikka alkohol. Styresmaktene har installert overvakingskamera, mellom anna i private heimar.[8][9]

Minst 120 000 (og kanskje over 1 million)[10] uygurar er blitt internerte i fangeleirar,[11] offisielt «omskoleringsleirar», med føremål å endra dei innsette sin politiske tankegang, their identitet og religiøse syn.[12] I nokre av desse leirane bur dei innsette heile døgnet, i andre blir dei sleppte heim om natta. Innsette blir haldne i leirane i 12 månader eller meir, med grunnlag i korleis dei gjer det på kinesiske ideologiprøvar.[13] Kinesiske statstilsette blir tidvis sende for å overvaka familiane til dei innsette, og kvinner er blitt fengsla på grunn av handlingane til sønene eller ektemennene sine.[8]

Interneringa og den massive overvakinga har ført til breie skuldingar om at Kina driv kulturelt folkemord mot uigurane. I 2018 blei det funne at operasjonane hadde dobla seg i storleik.[14] Satellittbevis tyder på at Kina har øydelagd over to dusin uigurmuslimske religiøse stader mellom 2016 og 2018.[15]

Parallelt med den tvinga interneringa av vaksne blei minst ein halv million barn skilde frå familiane sine berre i 2017. Dei blei haldne i «førskoleleirar» med fengselliknande overvaking og straumgjerde rundt.[16]

I juli 2019 sa 22 land, mellom anna Australia, Storbritannia, Canada, Frankrike, Tyskland og Japan, ifrå at dei var bekymra om internering, overvaking og restriksjonar i Kina, særleg retta mot uigurar og andre minoritetar i Xinjiang.[17] 12. juli 2019 skreiv ambassadørar frå 50 land under på eit brev til leiaren for SN sitt menneskerettsråd og SN-høgkommissæren for mennskerettar som gav støtte til Kina. Dette var hovudsakleg land frå Asia, Afrika og Midtaustent.[18][19] 20. august 2019 trekte Qatar tilbake underskrifta si frå brevet.[20] I juni 2020 skreiv den amerikanske presidenten Donald Trump under på Uyghur Human Rights Policy Act,[21] som la ned amerikanske sanksjonar mot kinesiske maktfolk som var ansvarlege for omskoleringsleirar.[22]

I juni 2020 publiserte den tyske antropologen og sinologen Adrian Zenz rapporten Sterilizations, IUDs, and Mandatory Birth Control: The CCP’s Campaign to Suppress Uyghur Birthrates in Xinjiang.[23][24] Denne hevda at uigurkvinner, truga med å bli sende til leirar, blei tvinga til å ta abort, gå gjennom sterilisering eller bli utstyrte med prevensjonsspiralar.[25] Zenz sin analyse av desse statlege tiltaka viste at folkevekstraten i uygur-området hadde gått ned 60 % mellom 2015 og 2018,[26] med ein nedgang på 84 % i dei to største uigur-prefektura.[24] I 2019 gjekk fødselraten ned 24 % i heile regionen.[26] Denne nedgangen står i kontrast til ein nedgang på 4,2 % i heile Kina i 2019.[26] Zenz hevda at desse tiltaka for å få ned fødselsraten blant uigurar svarte til kriteria for folkemord under Artikkel II, seksjon D av SN sin folkemordkonvensjon gjennom pålegging av inngrep med føremål å hindra fødslar innan ei gruppe.[26][24]

Kjende uigurar[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «The mystery of China's celtic mummies». The Independent (London). 28. august 2006. Arkivert frå originalen 3. april 2008. Henta 28. juni 2008. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Torbjørn Færøvik: «Kinas små folkegrupper roper på selvstyre», kronikk i Aftenposten 5. november 2004.
  3. Christian Tyler: Wild West China: The Untold Story of a Frontier Land, London 2003.
  4. Aftenposten, 8. juli 2009.
  5. «China has turned Xinjiang into a police state like no other». The Economist. 31. mai 2018. Arkivert frå originalen 5. juni 2018. 
  6. «China: one in five arrests take place in 'police state' Xinjiang». The Guardian. 25 July 2018. Arkivert frå originalen 4 January 2019. 
  7. «China has turned Xinjiang into a police state like no other». Der Spiegel. 26. juli 2018. Arkivert frå originalen 4. januar 2019. 
  8. 8,0 8,1 Buckley, Chris (8. september 2018). «China Is Detaining Muslims in Vast Numbers. The Goal: 'Transformation.'». The New York Times. Arkivert frå originalen 8 September 2018. Henta 9 September 2018. 
  9. Mozur, Paul (14. april 2019). «One Month, 500,000 Face Scans: How China Is Using A.I. to Profile a Minority». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Arkivert frå originalen 8. juni 2019. Henta 9. juni 2019. 
  10. Thum, Rian. «China's Mass Internment Camps Have No Clear End in Sight». Foreign Policy. The Slate Group. Arkivert frå originalen 5 May 2019. Henta 26 August 2018. «The most widely circulated estimate of the number of people interned in re-education camps—several hundred thousand to just over 1 million—was developed by Adrian Zenz of the European School of Culture and Theology from leaks that surfaced in January and February.» 
  11. «China 'holding at least 120,000 Uighurs in re-education camps'». The Guardian. 25 January 2018. Arkivert frå originalen 19 August 2018. Henta 4 August 2018. 
  12. «Chinese mass-indoctrination camps in Muslim-majority Xinjiang evoke Cultural Revolution». abc.net.au. 17 May 2018. Arkivert frå originalen 11. juli 2018. Henta 25. juni 2018. 
  13. «China Cables». ICIJ. Henta 24 November 2019. 
  14. Cronin-Furman, Kate. «China Has Chosen Cultural Genocide in Xinjiang—For Now». Foreign Policy (på engelsk). Henta 20. september 2018. 
  15. Kuo, Lily (7 May 2019). «Revealed: new evidence of China's mission to raze the mosques of Xinjiang». The Guardian. Arkivert frå originalen 7. mai 2019. Henta 7. mai 2019. 
  16. Sudworth, John (4. juli 2019). «China separating Muslim children from families». BBC News. Arkivert frå originalen 5. juli 2019. Henta 5. juli 2019. 
  17. «More than 20 ambassadors condemn China's treatment of Uighurs in Xinjiang». The Guardian. Arkivert frå originalen 11. juli 2019. Henta 11. juli 2019. 
  18. «A letter praising 'counter-terrorism' program in Xinjiang from 37 countries». Sup China. 16. juli 2019. Henta 16. juli 2019. 
  19. Yellienk, Roie. «The "22 vs. 50" Diplomatic Split Between the West and China Over Xinjiang and Human Rights». Jamestown (på engelsk). Henta 8. mai 2020. 
  20. «Qatar refuses to certify China's human rights record on treatment of Uighur Muslims». The Print. 21. august 2019. Henta 21. august 2019. 
  21. «Trump signed a law to punish China for its oppression of the Uighur Muslims. Uighurs say much more needs to be done». Business Insider. 30. juni 2020. 
  22. «U.S. Congress urges Trump administration to get tougher on China's Xinjiang crackdown». Reuters. 2. juli 2020. 
  23. Zenz, Adrian (27. juni 2020). «Sterilizations, IUDs, and Mandatory Birth Control: The CCP’s Campaign to Suppress Uyghur Birthrates in Xinjiang» (PDF). The Jamestown Foundation. The Jamestown Foundation. Arkivert frå originalen (PDF) 29. juni 2020. Henta 29. juni 2020. 
  24. 24,0 24,1 24,2 Lipes, Joshua (29. juni 2020). «Forced Population Controls Targeting Uyghurs in Xinjiang Likely Amount to Genocide: Report». Radio Free Asia. Arkivert frå originalen 29. juni 2020. Henta 29. juni 2020. 
  25. «China forcing birth control on Uighurs to suppress population, report says». BBC News. 29. juni 2020. Arkivert frå originalen 29. juni 2020. Henta 29. juni 2020. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 Dunleavy, Jerry (29 June 2020). «'Demographic genocide': Analysis explores China's campaign of forced birth control and abortion against Uighurs». Washington Examiner. Arkivert frå originalen 29 June 2020. Henta 29. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Uigurar