Uilleann pipes
Uilleann pipes | |||
![]() | |||
Klassifisering | sekkepipe | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 422.122.2+422.221.1 |


Uilleann pipes (uttalt [ˌɪlənˈpaɪps], av irsk uilleann, ‘olboge’ og engelsk pipes, ‘røyr’, på irsk píoba uilleann) er ei tradisjonell irsk sekkepipe. Nemninga «olbogepipe» kjem av at sekken får luft frå ein blåsebelg som er festa til olbogen og hofta, medan for dei fleste sekkepipetypane blir sekken blåsen opp med luft frå lungene.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei fyrste godt dokumenterte sekkepipene frå Irland er nærast identiske med stor skotsk sekkepipe eller highland pipes, som framleis blir brukt i Skottland. På irsk blir desse kalla píob mhór («stor pipe»).
Dei eldste overlevande uilleann pipes stammar frå andre halvdel av 1700-talet. Dateringa er ikkje heilt sikker, for det er først i seinare tid forskinga på den historiske utviklinga har komme i gang. Forma som er vanleg no blei utvikla rundt 1760–1780, og har endra seg lite sidan. Instrumentet blei kalla union pipes i den første tida, irish pipes er også blitt brukt.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Klangen er rundare og volumet mykje lågare enn den høge, skarpe lyden til stor skotsk sekkepipe, så instrumentet kan spelast innandørs.
Uilleann pipes blir nesten alltid spelt sitjande. Blåsebelgen blir plassert under høgre arm; under venstre sit sekken. Dei tre dronane (basspipene) blir lagde i fanget og kan sjaltast inn eller ut ved hjelp av ein ventil. I tillegg finst såkalla regulators, vanlegvis tre. Desse fungerer på same måte som orgelpiper, dvs at dei ikkje gir frå seg lyd før musikaren trykkjer ned ein klaff. Ein betener klaffane til regulatoren med tommelen eller kanten på høgrehanda og produserer akkordar. Melodipipa, som blir kalla chanter, er utstyrt med eit dobbelt røyrblad og har eit toneomfang på to oktavar; den høgaste oktaven når ein ved «overblåsing», altså auka lufttrykket. Enden på melodipipa kviler mot låret til spelaren, bortsett frå når han speler dei djupaste tonane. Ein kan oppnå stakkatospel ved at utøvaren dekkjer opninga av chanteren med låret, og så berre opnar og lukkar dei nødvendige gripehola. Blir eit gripehol lukka før det neste blir opna oppstår det ein stakkatoverknad fordi lyden døyr bort når luftstraumen blir stengd av.
Instrumentet blir som oftast stemt i D, men det finst også såkalla «flat-pitched pipes», ei fellesnemning på sett stemt i ciss, c, h (B) og b (B♭).
Å handtera blåsebelg, sekk, chanter, regulatorar og dronar krev finstemd koordinasjon av arm-, hand og fingerrørsler, så uilleann pipes er sannsynlegvis den vanskelegaste sekkepipetypen å meistra. Til gjengjeld er han nok også den musikalsk mest uttrykksfulle.
Instrumentet blir hovudsakleg framstilt i mørk afrikansk grenadill eller svart ibenholt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Uilleann pipes» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mai 2025.