Uiramutã
Utsjånad
| Uiramutã | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Roraima | ||
| Areal | 8 065,520 km² | ||
| Folketal | 13 751 (2022)[1] | ||
![]() Uiramutã 4°35′45″N 60°10′04″W / 4.5958333333333°N 60.167777777778°W | |||
| Wikimedia Commons: Uiramutã | |||
Uiramutã er ein kommune i delstaten Roraima i nordregionen av Brasil.[2] Han har 9 309 innbyggjarar (2014) og eit areal på 8066 km². Kommunen grensar mot Guyana og Venezuela på fjellet Roraima, som er den tredje høgaste toppen i Brasil med sine 2 739 m. Fjellet Caburaí på 1 456 m ligg på grensa mot Guyana og er det nordlegaste punktet i Brasil.

Kommunen ligg innanfor urfolksreservatet Raposa Serra do Sol som er heim for macuxifolk, og er verna mot mykje økonomisk utnytting. I 2013 blei det rapportert at 80 % av inntektene til kommunen kom frå det offentlege.[3]
Området omfattar også den 116 748 hektar store Monte Roraima nasjonalpark, eit område som blei verna i 1989.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.ibge.gov.br/estatisticas/sociais/populacao/22827-censo-demografico-2022.html?edicao=37225; vitjingsdato: 24. oktober 2023.
- ↑ «IBGE Cidades» (på portugisisk).
- ↑ Patu, Gustavo (19. desember 2013). «Em Uiramutã, no extremo norte do país, governo responde por 80% da economia». Folha de S. Paulo (på portugisisk). Grupo Folha. Henta 19. desember 2013.
- ↑ Unidade de Conservação: Parque Nacional do Monte Roraima (på portugisisk), MMA: Ministério do Meio Ambiente, henta 7. juni 2016
- Denne artikkelen bygger på «Uiramutã» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juli 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Uiramutã» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2020.

