Ukeslutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ukeslutt er eit laurdagsmagasin på radio som vert laga av nyhenderedaksjonen i NRK, og vert sendt i NRK P1 og NRK P2 kvar laurdag klokka 12.30. Det er òg tilgjengeleg via NRK Alltid Nyheter, nettradio og som podkast.

Programmet inneheld nyhende, debattar, intervjuar, reportasjar og musikk.

Ukeslutt er ein del av Dagsnytt-magasinavdelinga til redaksjonen, og gjekk på lufta første gong laurdag 8. januar 1977.

Kjenningsmelodien for programmet er av Quincy Jones. Songen heiter «Chump Change» og er frå albumet You've Got It Bad, Girl. Han vart òg brukt som kjenningsmelodi for The New Bill Cosby Show.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]