Hopp til innhald

Ukkusiksalik nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ukkusiksalik nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Canada
Territorium Nunavut
Areal 20 885 km²
Kart
Ukkusiksalik nasjonalpark
65°29′55″N 87°53′43″W / 65.498611111111°N 87.895277777778°W / 65.498611111111; -87.895277777778
Wikimedia Commons: Ukkusiksalik National Park

Ukkusiksalik nasjonalpark (uttalt /kˈsɪksəlɪk/)[1] er ein nasjonalpark i Nunavut i Canada. Han omfattar 20 885 kvadratkilometer (8 064 sq mi) tundra og kystmudderflater sør for polarsirkelen. Den vesle busetnaden Naujaat (tidlegare Repulse Bay) ligg inne i parken, som går frå Roes Welcome Sound i Hudsonbukta til vestdelen av Barren Grounds og kjelda til Brown River. Parken ligg rundt Wager Bay, ei 100 kilometer (62 mi) lang bukt som er del av Hudsonbukta. Nasjonalparken er den minste i Nunavut, men den sjette største i Canada. Namnet er knytt til klebersteinen som finst her: Ukkusiksalik tyder ‘der det er materiale for steingryta’ (frå ukkusik, som tyder ‘gryte’ eller ‘kar’, som qulliq).

I tillegg til ein bakvend foss og over 500 arkeologiske funnstader, mellom anna ein tidlegare handelspost for Hudson's Bay Company (HBC), husar området dyr som isbjørn, grizzlybjørn, polarulv, rein (barren-ground caribou), selar og vandrefalk. Vegetasjonen i parken er typisk låg tundra, med dvergbjørk, pil og reinrose. I elvedalane finst det treholt av taigaskog.

Parken er ikkje folkesett no, men inuittar heldt til her frå 1000-talet til 1960-talet. Det er funne restar etter revefeller, bustader og matlager i området. Hudson's Bay Company dreiv ein handelspost her frå 1925 til 1947.

Parken blei skipa 23. august 2003 som den 41. nasjonalparken i Canada, og den fjerde i Nunavut. Ein kan nå parken frå dei næraste busetnadane, Baker Lake eller Naujaat, med fly eller båt.

Qarmaqrestar i Tinittuktuq Flats (Wager Bay)

Det finst få skriftlege kjelder om den tidlege historia til Wager Bay. Fram til 1800-talet var området folkesett av inuittar, som tradisjonelt nytta munnleg overlevering til å ta vare på historia si.

Det finst likevel ei stor mengd leivningar i stein, for det meste teltringar etter thulefolk, inuksukar, matlager og skjul som ber minne om at kysten av Wager Bay har vore folkesett i fleire tusen år. Ein har identifisert 500 arkeologiske funnstader i nyare år, både frå Dorsetkulturen (500 f.Kr.–1000 e.Kr.) og frå Thulekulturen (1000-1800), og frå dei siste to hundreåra.

Inuittane kjende som Barrenland Inuit (eller Caribou Inuit) var ikkje ei homogen gruppe, men omfatta nokså ulike folk:

  • Ukkusiksalingmiut frå områda kring Back River og Hayes River
  • Aivilingmiut frå Naujaat-området
  • Qairnirmiut frå områda kring Baker Lake og Chesterfield Inlet
  • Netsilik Inuit (Natsilingmiut) frå områda kring Kugaaruk og Taloyoak

Europearar

[endre | endre wikiteksten]

I 1742 var Christopher Middleton på seglskipet «Furnace» leiaren for dei fyrste europearane til å koma inn i fjorden, som han ikkje kunne forlata på fleire veker på grunn av isstraumar.

Han kalla opp bukta etter sir Charles Wager, som var First Lord of the Admiralty, og ei vik der han ankra opp Douglas Harbour etter James og Henry Douglas, som hadde støtta ekspedisjonen. Savage Islands i nærleiken kalla han opp etter ville eller «savage Eskimos» som han møtte der.

Middleton lukkast ikkje i å finna Nordvestpassasjen, og det klarte heller ikkje William Moore med sluppen «Discovery» fem år seinare. Ettersom området var fjernt og ikkje sett på som nyttig, blei ikkje bukta nemnd eller vitja att av europearar i over hundre år. Den amerikanske utforskaren Charles Francis Hall sin tomastars «Monticello» kom til Roes Welcome Sound i 1864 under leiting etter John Franklin sin tapte nordvestpassasjeekspedisjon frå 1845, og måtte overvintra ved munningen av Wager Bay.

I 1879 passerte ein annan amerikansk ekspedisjon leia av Frederick Schwatka på leiting etter John Franklin nær Wager Bay på land. Regionen fekk etterkvart merksemd då pelshandelen byrja her ved slutten av 1800-talet.

1900-talet

[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga av 1900-talet viste dei kanadiske styresmaktene interesse for Wager Bay-området, og sende geologen Albert Peter Low ombord i «Neptune» for å etablera kanadisk suverenitet over dei arktiske områda.

På omtrent same tid, i 1900, grunnla den amerikanske kvalfangaren George G. Cleveland på eiga hand ein kvalfangststasjon nær innløpet til bukta. Denne var drift i fire år. Etter at stasjonen stengde kom skotske kvalfangarar framleis til området for å jakta på sjøpattedyr i Wager-området. Ein kan framleis finna store harpunhovud i jern og andre leivningar på Savage Islands.

I 1910 skipa Royal North-West Mounted Police (RNWMP, ein forløpar for Royal Canadian Mounted Police) ein politipost ved kysten av Wager Bay, i nærleiken av Savage Islands.

Tidlegare utpost for Hudson's Bay Company ved Ford Lake

I 1915 sette George Cleveland opp ein mellombels handelpost, den fyrste i regionen, nær utløpet til Wager Bay. I 1919 skipa Cleveland, som no arbeidde for HBC, ein ny handelspost ved munningen av Wager Bay. Denne overførte byggjemateriale for HBC sin handelspost i Repulse Bay. Denne posten låg på ein praktisk plass i nordenden av Roes Welcome Sound, og blei viktig for føretaket si utviding av verksemda mot nord.

Dei fyrste tjue åra av 1900-talet la Hudson's Bay Company ned ein stort innsats for å få kontroll over pelshandelen. Dei byrja å byggja eit stort og tett nettverk av postar frå dei aude landa nordvest i Hudsonbukta til nordkysten av kontinentet. Ein ny post ved ytterkanten av Wager Bay spelte ei nøkkelrolle i desse planane. Denne posten skulle omfatta Ukkusiksalingmiut-området til Back River-estuaret, 250 kilometer (160 mi) nordvest, og få dei inn i kontrollen til verksemda og unna konkurrentar som Revillon Frères, som hadde base ved Bakersjøen. Seinsommaren 1925 kom skonnerten «Fort Chesterfield» inn i kanalen, og nytta råd frå lokale inuittar til å finna den verna vika Tusjujak (no Ford Lake, kalla opp etter J.L. Ford, som var leiar for posten i 1929) for å skipa den strategiske stasjonen.

Dei fyrste åra gjekk verksemda ganske godt. I tillegg til å tilby varer kunne posten også gje støtte og ein del medisinsk hjelp til lokale inuittar. Han blei dermed eit møtepunkt for inuittar frå fjerne busetnader, og ein stad å utveksla nyhende. I desember 1929 blei det telt tjueto inuittfamiliar, totalt 107 personar, som hadde leirar i igloar nær stasjonen. Kort tid seinare stoppa pelsboomen opp. Hudson's Bay Company gjortde om hovudposten til ein utpost i 1933, og overførte styringa til inuitten Iqungajuq (Wager-Dick), som starta si eiga pelshandelverksemd. Wager-Dick og familien hans budde i post-bygningane og dreiv utposten til 1946. HBC hadde lukkast i strategien sin mot konkurrenten, og kjøpte Revillon Frères i 1936.

Ukkusiksalik National Park

Katolske misjonærar frå Oblatfedrane sette fyrst opp ein liten misjon på Savage Islands, men hadde liten suksess og trekte seg etterkvart tilbake. Hudson's Bay Company avslutta verksemda si her på midten av 1940-talet, og inuittane slo seg ned som fastbuande i større busetnader.

Frå 1979 til 1981 prøvde inuittar frå Rankin Inlet å få tilbake det tidlegare heimlandet sitt, men lukkast ikkje. Området er no utan folkesetnad, bortsett frå tilfeldige vitjande og inuittar som driv jakt her.

23. august 2003 blei Ukkusiksalik utnemnd til nasjonalpark.

Sila Lodge i Wager Bay

Nasjonalparken er open heile året, men besøk om vinteren er ikkje tilrådd på grunn av vêr, mørke og isbjørnfare. Om våren er parken tilgjengeleg med snøskuter eller hundespann, medan ein kan gå tur om sommaren. Frå rundt midten av juli til oktober kan ein reisa med båt inn i Wager Bay; før dette inneheld bukta for mykje is til å vitjast med båt.[2] Vitjande blir tilrådd å bruka guide. Bruk av kajakk er ikkje tilrådd på grunn av fare for isbjørn.[3]

Ein kan nå staden med leigefly – vanlegvis frå Baker Lake, kring 350 kilometer (220 mi) unna, som har rutefly frå Rankin Inlet. Ein kan også koma hit med motorbåt frå Repulse Bay, der Parks Canada har ein stasjon, men på grunn av moglege vanskar med is kan dette ta lengre tid og blir derfor helst berre nytta av utforskarar eller filmskaparar som treng å ha med mykje utstyr.

Den einaste flystripa i parken er ved Silaelva på nordkysten av Wager Bay. I 1987 byde lokale inuittar Sila Lodge på denne staden. Hytta blei opna nokre veker om sommaren for vitjande. Den høge kostnaden knytt til å fly til staden førte til at hytta har vore lite brukt sidan 2002. Frå Sila Lodge kan ein leggja ut på tur til øyar i Wager Bay, til Ford Lake over dei reverserande fossane, til tidlegare Hudson's Bay Company-stasjonar eller til leivningar etter telt, qarmaqar og inuksukar.

«Fourth Waterfall» i Sila River med typisk berg for det kanadiske skjoldet.
Silaelva og Wager Bay

Wager Bay er ei vik i Roes Welcome Sound, omtrent midt i, nær Cape Dobbs. Roes Welcome Sound går frå Hudsonbukta, i det nordvestre hjørnet, kring 200 kilometer (120 mi) nordaust for Chesterfield Inlet, nær kappa Fullerton og Kendall. Roes Welcome Sound går nordover mellom Barrenlands i Kivalliq (som tyder 'landgrensa') og Southamptonøya til Repulsebukta, der busetnaden Repulse Bay ligg ved polarsirkelen.

Wager Bay er kjerna i nasjonalparken. Ein seglar inn i bukta gjennom eit nokså smalt innløp som er over 30 km langt og kring 4 km vidt på sitt smalaste. Tidvatnet stig og fell opptil 8 meter, og straumane er svært sterke. Dei fører til store oppsamlingar av is det meste av året, som ofte kan hindra sjøfart. Tidleg på sommaren vaskar det stigande flaumvatnet store mengder drivis og isfjell inn i bukta. Desse samlar seg ved flod sjø, og kan stenga utløpet som ein kork som kan sitja fast i fleire timar eller tilmed dagar.

Nokre stader er Wager Bay over 250 meter djup. Fjorden er opptil 35 km brei og nesten 200 km lang. I nordvest strekk han seg inn i Barrenlands i Kivalliq. Han når breiddegrad 66°, kring 40 kilometer (25 mi) frå Polarsirkelen.

Den «andre fossen» i Silaelva.

Også i vestenden er tidvasseffektane kraftige. Mellom Wager Bay og den 2 km breie Ford Lake (Tusjujak på inuktitut) finn ein dei såkalla Reversing Falls. I Canada kjenner ein berre til tre døme på desse fenomena, med Reversing Falls i New Brunswick og Barrier Inlet i Hudsonsundet i Nunavut som dei andre. Den sterkaste straumen ein kjenner av denne typen er er Saltstraumen i Noreg.

Jordsmonnet i området er typisk for det kanadiske skjoldet. Det består av eit tynt jordlag over berggrunnen, med fleire berre berg som stikk opp.

Klimaet er arktisk-maritimt, med relativt lite nedbør, låge temperaturar og sterke vindar. Den høgaste vindavkjølinga og dei største snøfonnene i Nord-Amerika førekjem her. Nasjonalparken blir derfor rekna som høgarktisk.

På sørkysten av Wager Bay ei bratt fjellkjede forma av tidlegare isbrear som påverkar vêret sterkt. På grunn av nærleiken til Hudsonbukta er det vanleg med temperaturfall og sterk tåke om sommaren og med snøstormar tidleg på hausten. Bukta er ikkje heilt isfri før ved slutten av juli, sjølv om temperaturane kan variera frå kjølig til svært varmt mellom mai og september.

Isbjørnhann som klatrar på isen.
To unge reinsdyr ved Wager Bay ved fjøre sjø.
Ærfuglreir i Ukkusiksalik.

Ein har dokumentert seksten pattedyrartar i parken. Ved sørbreidda av Wager Bay ligg det eit stort hi-område for isbjørn. Derfor kan ein sjå isbjørnar her i juli og byrjinga av august. Peary-karibu (Rangifer tarandus) og arktiske jordekorn (Spermophilus parryii) kan koma nær turiststaden Sila Lodge. Av og til kan ein også sjå skye lemen (Lemmus sibiricus). Kamuflerte fjellrevar (Alopex lagopus) og snøharar (Lepus arcticus) er vanskelege å sjå, men ein kan få auge på dei når dei flyktar. Andre dyr ein av og til kan sjå er polarulv (Canis lupus arctos), moskusfe (Ovibos moschatus), snøskohare (Lepus americanus) og jerv (Gulo gulo).

Fleire sjøpattedyrartar kjem inn i parkområdet: Ringsel (Phoca hispida) og storkobbe (Erignathus barbatus) finst her i store tal, og frå tid til anna kan kvalross (Odobenus rosmarus), steinkobbe (Phoca vitulina), kvitkval (Delphinapterus leucas), narkval (Monodon monoceros) eller grønlandskval (Balaena mysticetus)[4] opptre i Wager Bay.

Det er berre rapportert fire fiskartar i bukta: Røye (Salvelinus alpinus), kanadarøye (Salvelinus namaycush), rognkjekse (Cyclopterus lumpus) og nipigga stingsild (Pungitius pungitius). Fuglekikkarar kan sjå opptil førti artar, som:

  • Høglandsfugl

Delar av nasjonalparken er typisk steinete tundra. Under algar, mosar og kantlav finst det også flora frå 25 familiar av dekkfrøplantar. Dei er nært i slekt med alpin flora, men litt ulike. Dei følgjande familiane og artane i parken er:

Reinrose, som er offisiell blome for Nordvestterritoria
Raudsildre, som er offisiell blome for Nunavut
Lapprose i Ukkusiksalik nasjonalpark i juli 1999
  1. Parks Canada (26. juli 2017). Parks Can Can Canada 2017. Arkivert frå originalen 10. juni 2019. Henta 19. mai 2019. 
  2. Parks Canada Agency, Government of Canada (25. november 2022), «Hours of Operation - Hours of operation», parks.canada.ca, henta 11. april 2023 
  3. Parks Canada Agency, Government of Canada (22. november 2022), «Boating, hiking and wildlife tours», parks.canada.ca, henta 11. april 2023 
  4. Reeves R. R., Cosens E.S., 2003, Historical Population Characteristics of Bowhead Whales (Balaena mysticetus) in Hudson Bay Arkivert 2018-06-04 ved Wayback Machine.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Nunavut Handbook, Iqaluit 2004. ISBN 0-9736754-0-3
  • Walk, Ansgar: Der Polarbär kam spät abends – Skizzen von der Wager Bay, Pendragon Verlag Bielefeld, 2002. ISBN 3-934872-22-0 (tysk)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ukkusiksalik nasjonalpark