Ukrainakrisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ukrainakrisa var ei politisk krise i Ukraina som byrja 21. november 2013 med at dåverande president Viktor Janukovitsj avslutta førebuingane til ein assosieringsavtale med EU. Ein slik assosieringsavttale skulle gjera Ukraina mindre avhengig av Russland. Avgjerda resulterte i masseprotestar i Kiev, og folk samla seg særleg rundt Majdan-plassen i Kiev. Denne masserørsla vart difor fort kjend som Euromajdan,[1] og vart òg ein protest mot korrupsjon i Ukraina sitt statsapparat. Presidenten slutta etter kvart ein handelsavtale med Russland i staden for EU, og dette gav endå meir gaum til Euromajdan.

Etter nokre månader med gateslag der mange vart drepne,[2] vart Janukovitsj avsett av parlamentet (Verkhova Rada) den 22. februar 2014 og måtte rømma hovudstaden. Med dette skaut motrørsla til Euromajdan fart, og det vart borgarkriglignande tilstandar i Ukraina, med skuldingar om statskupp. Støtte til denne motrørsla kom mest frå dei russisktalande områda i landet, så som den autonome republikken Krim, områda aust for Dnepr og i sør, rundt Odessa.

Etter den politiske krisa følgde væpna opprør på Krim som fekk militær støtte frå Russland og enda med full russisk anektering av halvøya den 18. mars 2014. Liknande opprør hende òg i Luhansk oblast og i Donetsk oblast og vart seinare kjend som Krigen i Donbass.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ukraine’s Euromaidan: What’s in a name? - The Washington Post», archive.is, 2. desember 2013, henta 19. august 2019 
  2. http://www.moz.gov.ua/ua/portal/pre_20140227_g.html