Uli Hoeneß

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Uli Hoeneß
Uli Hoeneß 2503.jpg
Fødd 5. januar 1952
Ulm
Uli Hoeneß på Commons

Ulrich Hoeneß, kjend som Uli Hoeneß, (fødd 5. januar 1952) er ein tysk tidlegare fotballspelar og idrettsleiar frå Ulm i Baden-Württemberg. Han vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1974 og vann Europacupen tre år på rad med Bayern München. I 2014 vart han dømd til 3 1/2 års fengsel for skattesnyteri. Også den yngre broren Dieter Hoeneß spelte landskampar for Vest-Tyskland.

Fotballspelar[endre | endre wikiteksten]

Uli Hoeneß starta spele i lokalklubben VfB Ulm. Etter overgang til FC Bayern München debuterte han i 1970 på midtbana til München-laget og fekk snøgt plass i fyrsteellevaren. Til 1972 spelte han på amatørkontrakt for å kunne delta i OL i München i 1972 med det vesttyske OL-landslaget. Allereie våren 1971 var han med å vinne DFB-pokalen etter finalesiger 2-1 over FC Köln. Dei tre neste sesongane vart han årleg bundesliga-meister i lag med spelarar som Sepp Maier, Franz Beckenbauer og Gerd Müller. Bayern-gjengen gjekk vidare til å vinne også Europacupen tre år på rad, 1974-76, etter finaletriumfar mot høvesvis Atletico Madrid, Leeds United og AS Saint-Étienne. Gjennom åtte sesongar i Bayern München spelte Hoeneß 250 kampar i Bundesliga og skåra 86 mål. Sommaren 1978 vart han overførd til FC Nürnberg, men var plaga av skadar og la opp våren 1979.

Åra 1972–1976 spelte Hoeneß 35 kampar på det vesttyske A-landslaget. Han debuterte 29. mars 1972 i ein vennskapskamp mot Ungarn. Allereie i juni månad 1972 var han med å vinne EM-finalen mot Sovjetunionen. Vel to månader seinare deltok han som amatør i Sommar-OL 1972 i München. Han skåra eit mål då Vest-Tyskland tapte 2-3 i den aller fyrste fotballandskampen mot Aust-Tyskland. I VM-finalen på olympiastadion to år seinare felte han Johan Cruijff i straffefeltet heilt i byrjinga av kampen. Nederland tok då leiinga, men vesttyskarane kom tilbake og vann 2-1. Då EM-finalen 1976 mellom Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland vart avgjort gjennom straffeskyting, smelte Hoeneß sitt straffeskot over tverrliggaren og overlet dermed til Antonín Panenka verte historisk ved å kippe si straffe midt i mål, forbi ei forfjamsa vesttysk målvakt til tsjekkoslovakisk triumf. Hoeneß skåra i alt fem mål for A-landslaget og tre for amatørlandslaget.

Idrettsleiar og lovbrytar[endre | endre wikiteksten]

Den 13. mars 2014 vart Uli Hoeneß dømd til tre og seks månader i fengsel for skattesnyteri. Han vart funnen skuldig i å ha betalt 28,5 millionar euro for lite i skatt. 29. februar 2016 vart han sett fri.

25. november 2016 vart Hoeneß for andre gong vald til «president» i FC Bayern.

Hoeneß heilt til høgre, i aksjon under VM-finalen 1974. Vidare mot venstre; Johan Cruijff, Berti Vogts og Gerd Müller

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1974 med Vest-Tyskland
  • Europameister: 1972 med Vest-Tyskland
  • EM-sølv: 1976 med Vest-Tyskland
  • Vinnar av Europacupen: 1974, 1975 og 1976 med Bayern München
  • Vesttysk cupmeister: 1971 med Bayern München
  • Vesttysk seriemeister: 1972, 1973 og 1974 med Bayern München

Kjelder[endre | endre wikiteksten]