Ulkefiskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulkefisk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Ulkefisk Scorpaeniformes
Den tropiske ulkearten Scorpaenichthys marmoratus

Ulkefiskar (Scorpaeniformes) er ein stor og vidt utbreidd orden av beinfisk som hovudsakleg består av botnfisk. Det er registrert om lag 1 160 artar, i norske farvatn finst rundt 20 av dei.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ulkefiskane har få kjenneteikn som er karakteristiske for heile familien. Det viktigaste er ei karakteristisk beinplate i kraniet som går over kjeven mellom auga og gjellelokket. Elles er dei ofte godt pansra, med hovud og kropp dekt med beinplater eller piggar. Bryst- og halefinnane plar vera avrunda. Bukfinnane sit langt framme på kroppen, oftast rett under brystfinnane.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Ulkefiskane er ei kontroversiell gruppe å klassifisera; ulike klassifikasjonar opererer med alt frå 26 til 35 ulike familiar. Dette kjem av at mange av artane i gruppa er lite kjende. Ulkefisk er for det meste botnfisk som i mange høve går særs djupt, noko som gjer studium vanskeleg. I tillegg er det få artar som er noko særleg viktige økonomisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling (2003): Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna
  • Kjørsvik, Elin (1992): "Ulkefisker" i Norges dyr
  • FishBase

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ulkefiskar