Ullensaker/Kisa Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ull/Kisa)
Ull./Kisa
Fullt namnUllensaker/Kisa Idrettslag
KallenamnUll-Kisa, Kisa
Grunnlagd16. desember 1894
HeimebaneUKI Arena
StyreleiarOle Kristian Wiig[1]
HovudtrenarRoar Johansen
Liga2. divisjon fotball for menn, 3. divisjon fotball for kvinner, 3. divisjon håndball for kvinner, 3. divisjon håndball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Ullensaker/Kisa Idrettslag, ofte forkorta Ull/Kisa, er eit idrettslag som driv med fotball, handball, friidrett og innebandy. Idrettslaget held til på Jessheim i Ullensaker kommune, og vart grunnlagd 16. desember 1894.

Fotballaget til Ullensaker/Kisa spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn, 3. divisjon fotball for kvinner, 3. divisjon håndball for kvinner, 3. divisjon håndball for menn. Noverande hovudtrenar er Roar Johansen.

A-laget til Ull/Kisa spelar med gul overtrøye og grøn shorts med gule strømper. Dei har lenge hatt som mål om å rykke opp i Adeccoligaen. Klubben har gode lag i aldersbestemte klassar og gjer eit godt arbeid med unge, lovande fotballspelarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ullensaker Skiklubb vart stifta 16. desember 1894, men ein fotballklubb såg ikkje dagens lys før 13 år seinare, i 1907. Denne vart etter kvart nedlagt, men fekk ein arvtakar i 1916. I 1921 vart Ski- og fotballklubbane ein del av den nye samanslåinga Jessheim Turn & IF, som same år kjøpte området der dagens idrettspark ligg. Sju år seinare, i 1928, vart namnet endra til Ullensaker IL, og i 1945 til Ullensaker AIL. Kisa IF var stifta i 1923 og bygde bane på Holmsletta ved Gystad i 1932. Klubbane slo seg saman i 1947, og i 1951 vart det lagt gras på Jessheim Stadion. 1 august 2011 opna Ull/Kisa sitt nye stadion på Gystadmarka, aust for Jessheim sentrum.

28. mai 2009 stod Ull/Kisa for årets cupbombe då dei i 2. runde slo Sandefjord Fotball 1-0. Målet vart scora av Mats Jarnbjo etter 61. minutt, på eitt langskot. I 3. runde vart Vålerenga Fotball for sterke, og Ull/Kisa tapte til slutt 3-5 på Ullevaal Stadion. Eirik Soltvedt scora alle måla for Ull/Kisa.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 1. juli 2020[2] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg K Alexander Vangen
3 Flagget til Noreg F Vegard Kongsro
4 Flagget til Noreg F Steffen Jenssen
5 Flagget til Noreg F Nikolas Walstad
6 Flagget til Noreg F Espen Bjørnsen Garnås
7 Flagget til Noreg MB Erik Rosland
8 Flagget til Noreg MB Sverre Økland
9 Flagget til Noreg A Ole Kristian Langås
10 Flagget til Noreg A Martin Wilhelmsen Trøen
11 Flagget til Noreg MB Christian Aas
12 Flagget til Noreg K Christoffer Gjertsen
14 Flagget til Noreg A Ole Andreas Nesset
15 Flagget til Noreg A Sander Werni (på lån frå Vålerenga)
Nr. Posisjon Spelar
16 Flagget til Noreg MB Henrik Loholt Kristiansen
17 Flagget til Noreg MB Martin Søreide
18 Flagget til Noreg MB Ole Breistøl
19 Flagget til Noreg MB Edin Øy
20 Flagget til Noreg F Morten Sundli
21 Flagget til Noreg MB Sebastian Remme Berge
22 Flagget til Noreg MB Sander Jonassen Forø
23 Flagget til Noreg F Sindre Rindal
25 Flagget til Noreg MB Sverre Martin Torp
27 Flagget til Noreg A Mesut Can
28 Flagget til Noreg F Stian Ringstad
29 Flagget til Noreg F Herman Haugen (på lån frå Viking)
31 Flagget til Noreg K Stefan Hagerup

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Styret». Ull/Kisa IL. Henta 19. august 2018. 
  2. A-laget spillere

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]