Ullensvang kyrkje
Ullensvang kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Roar Johansen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Ullensvang | ||
Fellesråd | Ullensvang | ||
Type | Langkyrkje | ||
Periode | Gotikk | ||
Arkitekt | Arnstein Arneberg (restaurering 1958) | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Tårn | Påbygd 1884-1886 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 430 | ||
![]() Ullensvang kyrkje | |||
Wikimedia Commons: Ullensvang kyrkje | |||
Ullensvang kyrkje er ei steinkyrkje bygd i åra 1250-1300 i Lofthus i Ullensvang herad. Opphavleg stod kyrkja utan tårn. Tårnet vart oppført framføre vestinngangen mellom 1883 og 1885. Den opphavlege vestportalen vart då sett inn som portal vest i tårnet. Det vart også sett til to tverrstilte tilbygg i nygotisk stil på sørsida av kyrkja.
I 1958 vart kyrkja restaurert på nytt, under leiing av Arnstein Arneberg. Mykje av det nygotiske interiøret frå 1870-talet vart då teke vekk og interiøret vart prega av 1950-talet, inspirert av 1600-talet med dører framfor benkene etc. Veggene fekk ny puss innvendig, og det vart lagt kvelving over skipet.
Kyrkja står i det nordvestre hjørnet av kyrkjegarden. Nordvest for kyrkja er Ullensvang prestegard.
Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld.
Bilete[endre | endre wikiteksten]
Epledyrking på Lofthus.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Ullensvang kyrkje på nettstaden norgeskirker.no
- Om kyrkja på nettstaden til Ullensvang herad
- Fotografi av kyrkja før ombygginga på 1880-talet
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Ullensvang herad på nettstaden disnorge.no
- Ullensvang kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kristendomsartikkelen som har med Hordaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.