Ulrik Fredrik Gyldenløve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrik Fredrik Gyldenløve

Fødd20. juli 1638
Bremen
Død17. april 1704
Hamburg
Tittelstatthaldar i Noreg, stiftamtmann i Akershus stiftamt
FøregangarIver Krabbe
EtterfylgjarFrederik Gabel
som visestatthaldar
GravstadKøbenhavn
LandDanmark
MorMargrethe Pape
FarFredrik III av Danmark-Noreg
EktefelleMarie Grubbe, Antoinette Augusta von Aldenburg, Sophie Urne
SambuarMaria Meng
BarnWaldemar Løvendal, Ferdinand Anton Danneskiold-Laurvig, Charlotte Amalie Danneskiold-Laurvig, Carl Løvendal, Ulrikke Antoinette Danneskiold-Laurvig, Margrethe Christiane Augusta Danneskiold-Laurvig, Wilhelm de Ulrichsdal, Frederik Christian Danneskiold-Laurvig

Ulrik Frederik Gyldenløve (163817. april 1704) var son av kong Fredrik III av Danmark-Noreg og Margrete Pape og dermed halvbror av Kristian V.[1] Han var dansk adelsmann og statthaldar i Noreg i tida 1664–1699.[1]

Gyldenløve vart naturalisert adelsmann i 1655. Han vart greve av Larvik i 1671. Gyldenløve var eit namn gjeve til dansk-norske kongar sine born fødd utanfor ekteskap. Greven hadde såleis ikkje arverett til trona.

Han hadde tre ekteskap: 1. Sofie Urne, 2. Marie Grubbe (1660–1670) og 3. Augusta Antonia av Altenburg.

Gyldenløve gjorde ein stor innsats for Noreg som statthaldar. Han sette i verk ymse reformarbeid, mellom anna innanfor avgifts- og skattelovgjevinga. Han la òg ned eit stort arbeide i styrking av forsvaret, i første rekke ved gjenreising av forsvarsflåta og forsterking av dei norske festningane.

Han synte seg som ein dugeleg feltherre under Gyldenløvefeiden. Etter freden i Lund i 1679 flytta han til København og styrte Noreg derifrå. Etter at kong Kristian V døydde i 1699 fekk han mindre makt og trekte seg ut av statsstyret og flytta til Hamburg. Der han budde han dei siste fem åra av livet sitt og døydde der. Han blei bisatt i Vor Frue kyrkje i København.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]