Ulrik Lange
| Ulrik Lange | |||
| | |||
| Fødd | 28. juli 1808 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 8. september 1878 (70 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Mor | Dorthea Helene Larsen | ||
| Far | Johan Jørgen Lange | ||
| Barn | Otto Wincent Lange, Albert Nikolai Lange | ||
| Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Det Norske Videnskaps-Akademi | ||
| Alle verv |
| ||
Ulrik Frederik Lange (28. juli 1808–8. september 1878) var ein norsk skulemann og stortingsmann, fødd på Jevnaker i Oppland. Otto Lange var bror hans.
Ulrik Lange vart student frå Christiania katedralskole i 1826 og cand. theol. i 1832. Under studietida var han lærar ved latinskulane i Drammen og seinare i Christiania. Frå 1832 var han styrar av Tromsø middelskole, til han 1849 fekk ei liknande stilling på Lillehammer. Der arbeidde han til han døydde.
Lange var bystyremedlem i mange år, både i Tromsø og på Lillehammer.
Lange representerte Tromsø på Stortinget i 1842 og 1845, og krinsen Lillehammer og Hamar 1854-60. Han var medlem 1842 av gasje- og pensjonskomiteen, 1845 av kyrkjekomite nr 2, 1854 av kyrkjekomiteen og komiteen om fordelinga av vegskatten. 1857 var han formann i kyrkjekomiteen og medlem av komiteen om representasjonsfordelinga, 1859-60 atter medlem av kyrkjekomiteen. Både i 1857, på omframstortinget 1858 og det ordinære Stortinget 1859-60 var Lange medlem av Lagtinget.
Han døydde på Lillehammer i 1878, ein månad før han skulle gå av frå rektorstillinga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Ulrik Lange ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
- Einskildmenn
- Fødde i 1808
- Døde i 1878
- Norske pedagogar
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1857-1858
- Stortingsrepresentantar 1859-1861
- Ordførarar i Lillehammer
- St. Olavs Orden
- Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi
- Folk frå Jevnaker