Ulrike Meinhof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrike Meinhof

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 7. oktober 1934
Byen Oldenburg
Død

9. mai 1976 (41 år)
Stuttgart

Yrke journalist, skribent, sosiolog
Språk tysk
Politisk parti Kommunistische Partei Deutschlands
Medlem av Sozialistischer Deutscher Studentenbund, Rote Armee Fraktion
Far Werner Meinhof
Mor Ingeborg Meinhof
Ektefelle Klaus Rainer Röhl
Ulrike Meinhof på Commons

Ulrike Meinhof (7. oktober 19349. mai 1976) var ein tysk journalist og venstreekstremistisk terrorist. Meinhof vert rekna som ei av dei som grunnla Rote Armee Fraktion, også kjend som Baader-Meinhof-gruppa.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Ulrike Meinhof levde fyrste åra i Oldenburg. I 1936 flytte familien til Jena då faren, kunsthistorikaren Werner Meinhof, fekk stilling som direktør ved bymuseet der. I 1940 døydde faren av kreft. I lag med mor si, systera og leigebuaren Renate Riemeck flytte dei tilbake til Oldenburg i 1946.

I 1955 tok Ulrike Meinhof artium, og byrja same året å studere germanistikk, sosiologi og pedagogikk ved universitetet i Marburg. På den tida engasjerte Meinhof seg i studentpolitikk og den evangeliske reformrørsla. I 1957 tok ho til å studere ved universitetet i Münster. Der vart ho medlem i det sosialistiske studentforbundet og engasjerte seg sterkt i anti-atomvåpen-rørsla. Ho vart òg medlem i det forbodne kommunistpartiet.

Ulrike Meinhof skreiv fleire artiklar i ulike tidsskrift. I perioden frå 1959 til 1969 arbeidde ho for det venstreorienterte tidsskriftet konkret, frå 1960 til 1964 som sjefredaktør. På denne tida vart Meinhof ein symbolfigur for den tyske venstresida, og ho tok del i talrike arrangement og demonstrasjonar t.d. imot Vietnam-krigen eller Springer-konsernet.

I 1961 gifte Ulrike Meinhof seg med Klaus Rainer Röhl, kommunist og utgivaren av tidsskriftet konkret. Dei fekk 21. september 1962 døtrene Bettina og Regine. I 1967 vart ekteparet separert, året etter vart dei skilde. Ulrike Meinhof flytte deretter til Berlin i lag med borna. Då Meinhof seinare vart ettersøkt, hadde ho ein plan om å overlate borna sine til ein palestinsk barneleir, frå hemmeleg stad i Sicilia, men eks-kjærasten Stefan Aust klarte å få fatt i borna, og brakte dei til faren.

Radikalisering[endre | endre wikiteksten]

Etter attentatet på Rudi Dutschke offentleggjorde Meinhof 11. april 1968 i konkret ein kommentar som seinare har vorte sett på som eksemplarisk for den ekstreme radikaliseringa som den tyske studentrørsla gjekk gjennom: Protest er det, når eg seier at eg ikkje likar det og det. Motstand er det, når eg syter for at det som eg ikkje likar, ikkje lenger eksisterer.

Det vart på denne tida Ulrike Meinhof vart kjend med personane som stod sentralt i Rote Armee Fraktion, mellom andre Andreas Baader og Gudrun Ensslin.

Det siste journalistiske arbeidet Meinhof stod bak før ho gjekk under jorda, var fjernsynsfilmen Bambule der ho kritiserte autoritære metodar i omsorga for ungdom og føresåg ein klassekamp og opprør.

Det fatale vendepunktet for Ulrike Meinhof var deltaking under frigjeringa av Andreas Baader 14. mai 1970. Under frigjeringa vart ein bibliotekar ved Deutsches Zentralinstitut für soziale Fragen skoten, og han fekk alvorlege skader. Etter denne episoden var Ulrike Meinhof etterlyst, og ho kunne ikkje lenger vise seg offentleg.

Den tidlegare pasifisten Ulrike Meinhof kommenterte kritikken mot bruk av skytevåpen i eit intervju med ein fransk journalist med at personar i uniform var svin, ikkje menneske, at det difor var feil å snakke med slike personar, og heilt i orden å skyte dei.[1] Etter at Meinhof måtte gå under jorda, var ho med på fleire bankran og var med på sprenging av bomber ved industrianlegg og militærbasar. Fleire menneske vart drepne og skadde.

Meinhof skreiv mange av programfråsegnene til Rote Armee Fraktion, men det er omdiskutert i kva grad Meinhof kan reknast som nokon leiar av gruppa. Mykje tyder på at Gudrun Ensslin i lag med Andreas Baader hadde mest å seie.

Arrestasjon[endre | endre wikiteksten]

Meinhof vart arrestert i 1972 i Langenhagen. Frå 16. juni 1972 til 9. februar 1973 sat ho varetekstfengsla i Köln-Ossendorf. Cella hennar var kvitmåla, lydisolert og lyset vart tent heile døgnet. Seinare vart ho overflytta til fengslet i Stammheim i Stuttgart der òg rettssaka mot henne og andre RAF-medlemer vart ført. Den 29. november 1974 vart ho dømd til 8 års fengsel for medverknad til 6 drap, 60 drapsforsøk, bombeattentat, mordbrannar, bankran og andre brotsverk. Medan ho sat i fengslet vart ho påtalt for fleire brotsverk, bl.a. fire drap og 54 drapsforsøk.

9. mai 1976 var Ulrike Meinhof funnen hengd i fengselscella. Fengselslækjaren, dr. Helmut Henck, fastslo at dødsårsaka var sjølvmord. Det vart raskt framsett teoriar om at ho vart drepen av den tyske staten, og det kom til kraftige demonstrasjonar i vest-tyske byar etter at det var kjent at Meinhof var død.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ulrike Meinhof
  • Om Ulrike Meinhof av dottera Bettina
  • Aust, Stefan, Baader-Meinhof: sju år som förändrade Förbundsrepubliken. Stockholm: Symposion 1990. (Svensk omsetjing av "Der Baader-Meinhof-Komplex".)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]