Ulrikke Brandstorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulrikke Brandstorp
Ulrikke-brandstorp-norway-eurovision-2020-lyrics.png
Fødd13. juli 1995 (26 år)
FødestadSarpsborg
OpphavNoreg
Aktiv2013–
Sjangerpop
Verka somsongar, skodespelar, komponist

Ulrikke Brandstorp (fødd 13. juli 1995 i Skjeberg) er ein norsk songar og musikalartist. Ho deltok i Idol i 2013 og vart nummer to i Stjernekamp i 2018. Ho har òg delteke i Melodi Grand Prix 2017 med songen «Places» og deltok på nytt i 2020 og vann med låten «Attention». Brandstorp skulle ha representert Noreg i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020. I desember same år vann ho den fyrste sesongen av NRK-tevlinga Maskorama. Der deltok ho som figuren «Trollet».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Brandstorp har drive med song og musikk sidan ho var barn. Ho spelte i fleire lokale oppsetjingar av Pippi Langstrømpe og Reisa til Julestjernen. I 2011–2013 var ho òg på noregsturné med showa The Show Must Go On II» og The Thrill of Michael Jackson.[2]

Talenttevlingar og musikalar[endre | endre wikiteksten]

Brandstorp deltok i Idol i 2013, og sidan i The Voice i 2015, med Hanne Sørvaag som mentor.[3] Der vart ho slått ut i semifinalen.[4][5] Brandstorp deltok sidan i Stjernekamp hausten 2018. Der enda ho på andreplass, kun slått av Ella Marie Hætta Isaksen.[6]

I 2019 spela ho rolla som Liesl, den eldste dottera i Von Trapp-familien, i Sound of MusicFolketeateret i Oslo.[7][8] Same sommar fekk ho viss merksemd i Noreg då ho song «Shallow» saman med Ben AdamsAllsang på Grensa.[9][10]

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Brandstorp har delteke i Meldodi Grand Prix to gongar. I 2017 deltok ho med songen «Places» og enda på fjerdeplass. I 2020 deltok ho med låten «Attention» og vann.[10] Gjennom sigeren i Melodi Grand Prix skulle Brandstorp ha representert Noreg i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[11] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 så EBU seg nøydt til å avlysa tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[12][13]

Maskorama[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2020 sendte NRK sin fyrste sesong av underhaldningsprogrammet Maskorama. I programmet syng kjende personar, mens dei er ikledd kostyme og masker. Ingen veit kva for ein kjendis som gløymer seg bak maska, og eit kjendispanel skal saman med sjåarane gjette seg fram til kva for nokre kjendisar som deltek. Tevlinga fekk stor merksemd, og Brandstorp vart hyppig trukket fram som ein mogleg deltakar.[14][15][16] Etter seks veker gjekk finalen av stabelen 12. desember. Vinnaren vart «Trollet», som viste seg å vere Ulrikke Brandstorp. Dette var andre gongen på under eitt år at Brandstorp vann ei NRK-tevling.[1][17]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Play With» (2017)
  • «Places» (2017)
  • «Sick of Love» (2017)
  • «Careless» (2018)
  • «Time is Precious» (2018)
  • «Cry» (2019)
  • «Shallow» (2019) (med Ben Adams)
  • «Attention» (2020)
  • «What Would You Do for Love» (2020)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ulrikke «Trollet» Brandstorp vant «Maskorama»». www.vg.no (norsk bokmål). Henta 12. desember 2020. 
  2. Hyttebakk, Jon Marius (7. februar 2017). «Ulrikke». NRK (norsk bokmål). Henta 7. januar 2020. 
  3. «Ulrikke videre i Idol». www.sa.no (norsk). 6. februar 2013. Henta 7. januar 2020. 
  4. «Ulrikke er ute av The Voice». www.sa.no (norsk). Sarpsborg Arbeiderblad. 29. mai 2015. Henta 7. januar 2020. 
  5. «Ulrikke (22) klar for Stjernekamp». www.sa.no (norsk). 6. juni 2018. Henta 7. januar 2020. 
  6. «Ulrikke (23) slått på målstreken i «Stjernekamp»». www.f-b.no (norsk). 27. oktober 2018. Henta 7. januar 2020. 
  7. «(+) Ulrikke tilbake på teaterscenen – skal spille i «Sound of Music» på Folketeateret». www.sa.no (norsk). 1. februar 2019. Henta 7. januar 2020. 
  8. Nå, Lise Lotte Winter-Bay Her og. «Stjernekamp-Ulrikke takket først nei til den store rollen: - Ville utvikle meg som popartist». www.side2.no (norsk). Henta 7. januar 2020. 
  9. «(+) Blir Ulrikke og Ben Adams Norges nye stjerneduo?». www.f-b.no (norsk). 16. august 2019. Henta 7. januar 2020. 
  10. 10,0 10,1 Hyttebakk, Jon Marius (6. januar 2020). «Her er de første finalistene i MGP 2020». NRK (norsk bokmål). Henta 7. januar 2020. 
  11. Wilhelmsen, Pål Nisja (18. februar 2020). «Ekspertene tror Ulrikke Brandstorp kan vinne hele Melodi Grand Prix». Nettavisen (norsk). Henta 20. februar 2020. 
  12. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  13. «Eurovision 2020 in Rotterdam is cancelled». eurovision.tv. 18. mars 2020. Henta 18. mars 2020. 
  14. «Beviser dette at hun er Trollet?». 730.no (norsk bokmål). 12. desember 2020. Henta 12. desember 2020. 
  15. ««Det er ikke en sjel i salen. I et show som skriker etter publikum»». www.dagsavisen.no (norsk). Henta 12. desember 2020. 
  16. Eriksson, Emma Cecilia (5. desember 2020). «Klar for «Maskorama»-duett». seher.no (norsk). Henta 12. desember 2020. 
  17. Svelstad, Oda Elise (12. desember 2020). «Trollet er avslørt: – Var så nervøs at eg er klissblaut inne i drakta». NRK. Henta 12. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]