Ulrikke Falch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrikke Falch
Fødd17. juli 1996 (27 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar, forfattar

Ulrikke Falch (fødd 17. juli 1996) er ein norsk skodespelar, forfattar og samfunnsdebattant fødd i Oslo. Ho er mest kjend for rolla som Vilde Lien Hellerud i NRK-serien Skam. På sosiale medium har ho engasjert seg mot kroppspress, og fortalt korleis ho vart frisk frå eteforstyrringar. Falch og Susanne Kaluza starta kampanjen #postitgeriljaen på sosiale medium i juni 2017. Aksjonen fekk òg merksemd internasjonalt.[1] I 2017 kåra Nettavisen Falch til ein av dei 25 mest innverknadsrike på internett i Noreg.[2]

Falch har hatt over ein million følgjarar på bildedelingstenesta Instagram, men i midten av mars 2018 stengte ho kontoen då ho meinte ho trong ein pause.[3] Ho gjenopna kontoen i byrjinga av april same år.[4]

I august 2018 gav ho og medforfattaren Sofie Frøysaa ut boka Jenteloven - Feministisk førstehjelp.[5]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

  • 2015-2017: Skam
  • 2019: F-ordet
  • 2019: Unnskyld, Norge!
  • 2020: Ulrikke uden skam
  • 2021: Ligga – konsten att komma över sitt ex

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]