Ulriksdals gruver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjenstøpt gruveinngang Ulrikdal
Stoll i Ulriksdal

Ulriksdal gruver er ei nedlagt gruve som ligg i Trondheim kommune like ved den tidlegare grensa til Klæbu kommune. Gruva ligg like sør for Fylkesveg 704 i Sjøla.

Gruvedrifta vart starta av ridder og baron William Davidson i 1670 for å utvinne kopar. Engelskmannen dreiv samtidig Mostadmarkens Jærn-Værk i Malvik. Gerhard Schøning skriv om Davidson sine privilegier ved si vitjing i Klæbu i 1773: «Privilegiene indeholdte blant andet, at i Værkernes Cirkumference, af 4 Mile, alt Savbrug og alt Tiære-Brænderie afskaffes, men dette gav Anledning til Trætte og Processer, og det nye Ulrichsdalske Værk svarede ei til det Haab, man havde giort sig derom». Etter 5 års drift vart verksemda innstilt.

Drifta vart teken opp igjen nokre år seinare, men vart også da innstilt etter kort tid. Schøning rapporterte i 1773 at det var store gråfjellshaugar utanfor dei to gruveinngangane etter kort tid. Han konkluderte med at gruvedrifta "maae have været temmelig vidt dreevet", gruvene var fulle av vatn. Smeltinga av malmen føregjekk først ved Sjølbekken på gården Nideng, seinare vart det bygd ei smeltehytte ved Hyttfossen.

I 1901 til 1903 var det eit nytt forsøk på gruvedrift i Skjøla. Nordenfjeldske Grubeselskap stod bak drifta, denne gongen etter svovelkis. I 1902 var 17 mann sysselsett ved gruva og årsproduksjonen var ca 800 tonn svovelkis.

Neste driftsforsøk var i 1909, då vart det teken ut 1650 tonn eksportkis. Det siste driftsforsøket var mellom 1916 til 1918 i regi av A. Huitfeldt & Co. Kisen som vart tatt ut vart frakta til Ilsvika og blanda med kisen frå Kjøligruvene frå Ålen.

Ulriksdal gruver ligg i grønsteinsfeltet i Vassfjellet. Dette grensar til gabbroforekomsten på garden Jesmo, der Franzefoss driv steinbrot og pukkverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]