Ulrikstunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Innkøyringa til Ulrikstunnelen frå Arna stasjon.
Borehovudet på fullprofil-boremaskinen kjem til syne under gjennomboringa av det nye løpet i Ulrikstunnelen 29. august 2017
Foto: Nina Aldin Thune

Ulrikstunnelen er ein 7670 meter lang einspora tunneljarnbanen Bergensbanen under den nordlege delen av fjellet Ulriken, på strekninga mellom Bergen og Arna stasjonar i Bergen kommune, opna i 1964. Ulrikstunnelen er ein av dei lengste jarnbanetunnelane i Noreg.

Før tunnelen stod ferdig i 1964, gjekk banen på strekninga mellom Bergen og Arna stasjonar ein mykje lengre veg om Nesttun. Denne lina fekk status som sidebane, men er på ei strekning teke vare på med køyrbar skjenegang, men utan køyreleidninga for elektrisk drift. Det vart kjøyrd ein del gods til Nesttun og Helldal via Nesttun fram til arbeidet byrja på nye vegen mellom Fjøsanger og Hop. Her ligg lina i dag att til Mindemyren (2014) og vert nytta til godstransport. Lina mellom Tunestveit og Middtun er teke vare på som han låg. Det gjekk ein del gods til Seimsmark i Indre Arna fram til utpå 1990-talet. Denne delen av lina vert no nytta som museumsjarnbane for damptog i sumarsesongen, og da kjøyrast arbeidstog på lina heile året.

Utviding av tunnelen til dobbeltspor[endre | endre wikiteksten]

Ulrikstunnelen vert utvida til dobbeltspora tunnel ved at eit parallelt einspora tunnelløp vert bygd på sørsida av den opphavlege tunnelen. Av heile tunnellengda på 7 688 meter vart 6 896 meter bora ut i full profil med tunnelboremaskin i retninga frå Arna stasjon mot Bergen stasjon. Boringa tok til i desember 2015, og tunnelløpet vart gjennombora 29. august 2017.