Ulstein Verft AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulstein Verft i Ulsteinvik
Eit offshorekonstruksjonsskip under utdokking frå dokkhallen ved Ulstein Verft

Ulstein Verft AS er eit norsk, familieeigd verft i Ulstein Group. Verftet ligg i Ulsteinvik på Sunnmøre, eit sentralt område for den maritime klynga på Møre. Ved inngangen av 2015 hadde Ulstein Verft om lag 440 tilsette.

På 2000-talet har verftet i hovudsak bygd offshoreskip som ankerhandteringsfartøy (AHTS), plattformforsyningsfartøy (PSV), kabelleggingsskip, og spesialiserte og multifunksjonelle fartøy til bruk innan område som seismikk, brønnstimulering og konstruksjon. I nyare tid har verftet også etablert seg innan fornybarområdet offshore vind (SOV/CSV-fartøy), yacht og cruise. Ulstein Verft har også aktivitet innan service og ettermarknad (dokking, kaiplass, klassing, ombygging, forlenging, vedlikehald og reparasjonar), og oppdrag som krev kranløft og lektertransport. Med ei stor teknisk avdeling er ingeniørtenester innan engineering og prosjektering sentrale oppgåver.

Verftet er Ulstein Group sin kompetanse- og utviklingsbase for konstruksjon, samanstilling, utrusting og integrasjon av system og utstyr i skip.

Dei stålintensive delane av skroga er sett bort til samarbeidsverft som Crist i Polen

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verftet vart etablert av Martin Ulstein i 1917 som ein mekanisk verkstad for reparasjon av fiskebåtar. Verftet har bygd ulike båtar, mellom anna fiskefartøy (trålarar, linebåtar, snurparar), hurtigruter, dykkebåtar, isbrytarar og ferjer, i tillegg til offshorefartøy. Sidan starten har verftet bygd meir enn 300 skip.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Ny milepæl for Ulstein Verft

Kjelder[endre | endre wikiteksten]