Ulstein Group

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ulstein mek. Verksted)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulstein Group
Well intervention vessel Sarah.JPG
Selskapsformprivat selskap Sjå dette på Wikidata
Skipa1917
Bransjeskipsbygging
HovudkontorUlstein kommune Sjå dette på Wikidata
Ulstein Verft sett frå lufta. Ulstein Verft er eitt av selskapa i Ulstein Group.
Ulstein Group sitt hovudkvarter på Osneset i Ulsteinvik.

Ulstein Group ASA er eit norskeigd og familieeigd industrikonsern med aktivitetar innan designutvikling og bygging av skip, kraft- og kontrollsystem og maritime system og løysingar. Konsernet har om lag 550 tilsette. Ulstein Verft er det største selskapet.

Cathrine Kristiseter Marti er konsernsjef i Ulstein Group ASA[1] og styreleiar er Tore Ulstein. Hovudkontoret er i Ulsteinvik i Møre og Romsdal fylke, eit viktig område for den norske maritime klynga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dagens Ulstein Group har opphav i Ulstein Mekaniske Verksted,[2] som Martin Ulstein starta i 1917.[3]

Dotterselskap[endre | endre wikiteksten]

  • DESIGN & SOLUTIONS
    • Ulstein Design & Solutions AS
    • Ulstein Design & Solutions BV
    • Ulstein Power & Control AS
    • Ulstein Poland LTD SP. Z.O.O
    • Ulstein Marine Systems (Shanghai) CO Ltd.
    • Ulstein Marine Equipment (Ningbo) CO Ltd
    • Ulstein Electrical Technology (Ningbo) CO Ltd
  • SHIPPING
    • Ulstein Shipping
    • Blue Ship Invest
  • ANDRE (Ulstein har 50 % eigarskap)
    • Blue Ctrl AS
    • Ulstein Belga Marine Ltda

Ulstein Verft spesialiserer seg på å bygge avanserte skip, og har dei seinare åra bygd kabelleggarar, ekspedisjonscruiseskip, serviceskip til havvindindustrien, yacht og Ropax-hybridferje. Tidleagare har verftet bygd ei rekke skip for offshore olje og gass. To av dei seinaste leveransane frå verftet er havvindskipet Windea Jules Verne (2020) og ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Endurance (2020).Hovudsatsinga er på nybygg og større ombyggingar, men verftet tek også på seg større reparasjonar, oppgraderingar, klasing, sliping, maling, kran- og løftearbeid. Ei avdeling i verftet tilbyr også transport- og kranløfttenester langs kysten.

X-BOW®[endre | endre wikiteksten]

Mange, men ikkje alle, skipa som vert bygde er baserte på Ulstein sine eigne skipsdesign, Ulstein-design, der dei to patenterte innovasjonane X-BOW® og X-STERN®[4] ofte er innarbeidde. X-BOW blei tildelt Årets Ingeniørbragd av Teknisk Ukeblad i 2005.[5] 10 år etter markerte konsernet meir enn 100 selde X-BOW-design.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ULSTEIN», Ulstein Group (på engelsk), henta 9. mars 2021 
  2. Skaparglede i 90 år (PDF), ulstein.com, henta 9. mars 2021 
  3. «Ulstein 100 år», Maritimt Magasin (på norsk bokmål), 9. august 2017, henta 9. mars 2021 
  4. Stensvold, Tore (26. august 2014), «Ulstein med X-Bow i begge ender», Tu.no (på norsk), henta 9. mars 2021 
  5. «Skipsdesign ble Årets ingeniørbragd 2005», Tu.no (på norsk), 16. desember 2005, henta 9. mars 2021 
  6. «Ulstein feirer X-BOW nummer 100!», Metal Supply NO, henta 9. mars 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]