Ulster Yearbook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ulster Yearbook (Ulster Year book) var ei statistisk årbok som vart gjeven ut av den nordirske regionalregjeringa frå og med 1926. Ho vart ført vidare under britisk direktestyre frå og med 1972, og har i seinare tid fått namnet Northern Ireland Yearbook. Fyrste utgåva koma ut i 1926, og var «Published by Authority of the Minister of Finance»,[1] som den gongen var Hugh Pollock. Utgjevinga var heimla i §11 av Census Act (Northern Ireland), seinare utgåver var heimla i revidert lovverk. Ifylgje 1926-føreordet skulle årboka innhalda statistikk som vart tilgjengeleg gjennom året 1925. Føremålet vart skildra slik:

The object of the Year Book is to present in a simple, convenient, and accessible form, statistical and other information regarding Northern Ireland and its people; their environment and social conditions, health and education, transport and communication, agriculture, trade and industry.[2] Utgjevingane auka svært mykje i volum gjennom utgjevingsperioden, og organiseringa av statistikken skifta og noko.

Utgjevingar og namneendring[endre | endre wikiteksten]

Ulster Yearbook/Year Book var aldri ei årbok i tydinga av at ho kom ut kvart år. Desse utgjevingane kom:[3]

  • 1926
  • 1929
  • 1932
  • 1935
  • 1938
  • 1947
  • 1950
  • 1953
  • 1956
  • 1957-59
  • 1960-62
  • 1963-65
  • 1966-68
  • 1969
  • 1972
  • 1974
  • 1975
  • 1976
  • 1978
  • 1980
  • 1983

Som me ser av dette oversynet, har Ulster Yearbook kome ut med noko ujamne mellomrom frå 1926 til lenge etter innføringa av direktestyre frå London. Opphaldet mellom 1938 og 1947 oppgåva må opplagt ha skuldast andre verdskrigen. Etter innføringa av Britisk direktestyre mista lokale politikararar ogso kontrollen over innhaldet i publikasjonen.

Denne kontrollen kan sjå ut til å ha vore viktig for utgjevarane. I den fyrste utgåva frå 1926 kjem det ei litt over tre sider land historisk innleiing før dei 13 tematisk inndelte statistikk-kapitla. Der kan ein lesa om det historiske Ulster, om vikingeåtak og -ferder heilt til Lough Neagh (den største innsjøen i Nord-Irland), om dei engelske/britiske settlementa og ei skjønnmålande framstilling utan valdelege sider ved Cromwell sine hærferder i Irland.[4]. Her vert og Battle of Boyne nemnd, og det same gjeld 1798-opprøret til United Irishmen, det fyrste republikanske opprøret i irsk historie. Omtala av denne organisasjonen startar med kravet om "full political rights for persons of every creed", glir rett over på skulding om ekstremisme, før det vert slege fast at opprøret vart "repressed" "quickly and with little bloodshed".[5] Som ein kunne venta vart den økonomiske framgangen og den sterke industrialiseringa i regionen og kløyvinga av Ireland etter Government of Ireland Act (1920), framstilt som resultat talent (industraliseringa) og som naturleg (kløyvinga). Føreordet var skrive av historikaren og arkivaren D.A. Chart, som hadde søkt seg over frå den britiske Dublinadministrasjonen til den nye administrasjonen i Belfast, og hadde vorte assisterande riksarkivar ved det nystarta Public Record Office of Northern Ireland (1924).[6] I 1938-årboka vert det oppsummert at dei fire fyrste årbøkene (1926, 1929, 1932 og 1935) hadde hatt høvesvis historisk introduksjon, klima, "review" (dei 10 fyrste åra med Nord-Irland) og utviklinga av landbrukspolitikken i provinsen som tematisk spesialinnslag.[7]. I den fyrste etterkrigsutgåva frå 1947 fylgde ein historisk oversynsartikkel 1936-1945 og ein statistisk oppsummeringsdel 1936-1945. I tillegg til å oppsummera heimevern og krigshandlingar mot provinsen, oppsummerte årsboka den massive krigsinnsatsen som særleg den store verftsindustrien hadde gjort - og då særskilt megaskipsverftet Harland and Wolff.Det vert og gjort delvis detaljerte oppsummeringar av krigsinnsatsen til 19 regionalrekrutterte militæravdelingar på bataljonsnivå.[8] I 1950-utgåva strekar føreordet under at den irske Fristaten gjekk frå å vera eit Samveldeland til å vera ein sjølvstendig republikk i 1949. I samband med dette vart det og streka under det forsterka konstitusjonelle vetoet Nord-Irland fekk i Ireland Act (1949):

It is hereby declared that Northern Ireland remains part of His Majesty's Dominions and of the United Kingdom and it is hereby affirmed that in no event will Northern Ireland or any part thereof cease to be part of His Majesty's dominions and of the United Kingdom without the consent of the Parliament of Northern Ireland.[9]

I 1960-62 utgåva finst det ei særleg interessant politihistorisk framstilling som leier fram til ei detaljert utlegging kring samtidas samtidas Royal Ulster Constabulary (RUC) og organiseringa av denne styrken. Denne er særleg interessant fordi den Irske Republikanske Armeeen (IRA) innleidde ei kampanje mot nordirske grensestasjonar i 1956, og denne pågjekk til 1962. Årboka skisserer førehistoria til denne grensekampanja og dei unionistiske styresmaktene sitt syn på korleis denne vart gjennomførd og møtt. I denne går det fram at styresmaktene såg på dette som resultat av inntenging over grensa frå sør, at kampanja hadde vore lite effektiv ut over å setja politistyrkane og den britiske hæren på sterkare prøver, at grensevegar hadde vorte blokkerte for å verna seg mot slike aksjonar, og at lover som gav høve til å halda folk arrestert i 48 timar for avhøyr hadde vore nytta.[10] I 1966-1968 utgåva er den fyrste valdhendinga i det som førde fram til den sterke oppbløminga av vald frå inngangen til 1970-talet, Ulster Volunteer Force sitt drap i 1966.Det er vel heller indirekte fornekta "There have been no armed subversive activity since 1961."[11]

I 1974-årsboka finst det ein gjennomgang av styringsmodellane for Irland frå 1801 og for Nord-Irland frå kløyvinga etter Government of Ireland Act (1920) og heilt fram til det nyss innførde direktestyret frå London. Denne framstillinga omgår reaaliteten - at dei unionistiske styresmaktene og dei sentrale styresmaktene hadde mista kontrollen over Nord-Irland. Årbokserien gjev heller ikkje nokon forsøk på å diskutera autoritære trekk i lovverk og politipraksis, skreddarsaum av valordningar og systematisk diskriminering av den nasjonalistiske minoriteten. Det synest opplagt at den unionistiske slagsida i serien vedvarte til lenge etter innføringa av direktestyret

Sidan fyrst på 2000 talet har Northern Ireland Yearbook kome ut. Det er ei handbok for ovseryn over politikk og offentleg sektor, og utgjevinga av dette skriftet er det magasinet AgendaNi som står for. Dei fyrste åra etter namneskiftet var det likevel ein offentleg publikasjon, spreidd av the Stationery Office. Då hadde dei historiske og politiske slagsidene vorte klårt dempa. Denne publikasjonsserien kjem framleis (2019) ut i oppdaterte utgåver, men no med privat utgjevar.[12]

Relevans for å skaffa seg innsikt[endre | endre wikiteksten]

Det er mangt kritisk å seia om denne statistiske årsbokserien, men det mest positive bør og seiast. Det er ei gullgruve for den som vil skaffa seg innsikt i sosialhistorie, økonomisk historie, og organiseringa av det offentlege Nord-Irland, irekna unionstilhøvet til Storbritannia gjennom det Foreinte Kongedømet, retts- og politihistorie, utdanningshistorie m.m. Særleg gjeld dette for historisk statistikk frå den førdigitale fasen, og den strekkjer seg som kjent lengre enn Stormontregimet 1921-1972. Men dersom ein treng innsikt i politisk historie eller kritiske kontekstar til det ein finn her, må ein gå til faglitteraturen om Nord-Irland, og den har vorte massivt stor dei seinaste tiåra.

Primære arkivstudie kan avdekkja mykje, og då kan Public Record Office of Northern Ireland (PRONI) i Titanickvartalet på det gamle verftsområdet til Harland and Wolff i Belfast ofte gje svar på mange spørsmål.[13] For den som er særleg interessert i styresmaktene fram til 1972, finst ein svært god katalog i bokform.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. H.M. Stationery Office-The Government of Northern Ireland: Ulster Year Book 1926. Upaginert fyrste omslagsside.
  2. Same stad, preface.
  3. Det er uvisst om dette oversynet er fullstendig for tida etter innføringa av direktestyre frå London i 1972.
  4. Same stad, s. IX-X.
  5. Same stad, s. XI.
  6. Dette kjem fram i føreordet til 1929-utgåva. HMSO - The Government of Northern Ireland: Ulster Year Book 1929, føreord s. III. Sjå ogso https://www.historyireland.com/20th-century-contemporary-history/d-a-chart-1878-1960-archivist-historian-social-scientist/ , lese 17. juli 2019 for omtale av D.A. Chart.
  7. HMSO-Belfast - The Government of Northern Ireland: The Ulster Year Book 1938, føreord s. III.
  8. Same stad, s. XVII-XXXI.
  9. HMSO-Belfast, The Ulster Year Book. The Official Year Book of NOrthern Ireland 1950, føreord s. VI.
  10. HMSO-Belfast: The Ulster Year Book. The Official Year Book of Noerthern Ireland 1960-1962. HMSO 1962, s. 277ff.
  11. HMSO-Belfast: The Ulster Year Book. The Official Handbook of Northern Ireland 1966-1968. HMSO 1967, s. 60.
  12. Omtale av 2019-utgåva: https://www.northernirelandyearbook.com/
  13. Public Records Office of Northern Ireland (PRONI), henta 17. juli 2019.
  14. Arthur Maltby: The Government of Northern Ireland 1922-1971. A Catalogue and Breviate of Parliamentary Papers. New York, Barnes & Noble Books 1974 ISBN-06-494533-2