Ulsterskotsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulsterskotsk
(Ulstèr-Scotch, Ullans,
(Braid) Scots,[1][2] Scotch[3][4])
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Germansk
  Vest-germansk
   Anglo-frisisk
    Engelsk
     Scots
Bruk
Tala i: Storbritannia
Normert av: Boord o Ulstèr-Scotch
Språkkodar
Glottolog: ulst1239
Omtrentlege grenser for dei tradisjonelle dialektgrensene for ulsterskotsk, markert med turkis. Basert på The Scotch-Irish Dialect Boundaries in Ulster (1972) by R. J. Gregg.[5]

Ulsterskotsk (Ulstèr-Scotch på ulsterskotsk), også kjend som Ullans, er ei samlenemning på dialektane av låglandsskotsk som blir snakka i Ulster, nord på øya Irland. Nokre definerer det også som ulsterskotsk når ein snakkar engelsk med nordirsk aksent. Ein reknar med at mellom 35.000 og 100.000 menneske har ulsterskotske dialektar som morsmål.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ulsterskotsk oppstod på 1600-talet, då store mengder skotske nybyggjarar kom til Ulster. Dei snakka låglandsskotsk, og i den fyrste tida var skriftspråket svært likt det ein brukte i Skottland. Dei ulsterskotske dialektane oppstod gjennom språkkontakt med Ulster-dialektar av irsk og engelsk.

Opp igjennom århundra fekk ein så stadig meir litteratur med eit eige, ulsterskotsk preg. Sidan 1990-talet har ein laga ny ortografi til ulsterskotsk for å skilja det frå låglandsskotsk og engelsk. Språklaget Ulster-Scots Language Society vart skipa i 1992, noko som vart forløparen til språkorganisasjonen Tha Boord o Ulstèr-Scotch, som aktivt freistar å skapa meir merksemd rundt språket. Ved University of Ulster vart det oppretta eit institutt for ulsterskotsk i 2001. Ei gruppe i Belfast har også starta på ei bibelomsetjing til ulsterskotsk. Så langt har dei fullført Lukasevangeliet, som kom ut i 2009.

Språket er i dag viktig for protestantane og unionistane i Nord-Irland og republikken Irland. Det har oppnådd status som regionalt minoritetsspråk i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Traynor, Michael (1953) The English Dialect of Donegal. Dublin: Royal Irish Academy, p. 36
  2. «Ulster-Scots - the Language of the Laggan». Askaboutireland.ie. Henta 17. april 2015. 
  3. Traynor (1953), p. 244
  4. Nic Craith M. (2002) Plural Identities—singular Narratives, Berghahn Books. p. 107
  5. Gregg, R. J. (1972) "The Scotch-Irish Dialect Boundaries in Ulster" in Wakelin, M. F., Patterns in the Folk Speech of the British Isles, London: Athlone Press